Medlemskontingent og treningsavgift
I år er IL Trio noko seint ute med å sende ut medlemskontingent. Vi bruker fortsatt “Min Idrett”, men sjølve systemet har hatt ei kraftig oppgradering og det har dessverre tatt lang tid å sette seg inn i systemet og rydde opp. Har ikkje fått vært på noe kurs pga covid 19, så her er ein sjølvlært.
Nå håper vi at alt er som det skal, og ein vil straks begynne sende ut medlemskontingent samt begynne med treningsavgifta for fotballgruppa, i første omgang. Om det er nokon som ser at dei får tilsendt feil, så må ein vera så snill og ta kontakt på epost til Hanne Larsen (hann-h4@online.no).
- Hanne Larsen, ansvarleg for medlemsregister i IL Trio