Løpssesongen er kraftig på hell, men ikkje heilt over. I dag går nemleg Karmøy marathon av stabelen, og her er IL Trio solid representert. Dei 5 på biletet er klare som egg til heil- og halvmarathon. Frå venstre Holmfridur Adalsteinsdottir, Tor Harald Bringedal, Gunnar Vaage, Trude Sundsteigen og Bente Hellevik. I tillegg har vi med Sundebuen Emil Solli Stafsnes, som representerer Uskedal IL i dette løpet, men er medlem i Trio også.

* Emil deltek på sitt første heilmarathon, og skal etter rapportane ha trent særs godt fram mot løpet.
* Gunnar deltek ikkje på sitt første heilmarathon, på langt nær. Han sprang Haugesund halvmarathon på 1.37 i haust. Jo lengre, dess betre for Gunnar, som hadde 3.26 på fjorårets løp på Karmøy og 3.15 i Bergen City Marathon for eit par år sidan.
* Frida har ein pers på heilmarathon på 3.04, då ho vart islandsk meister i Reykjavik i fjor, og same tid i Frankfurt marathon året før.

Desse tre deltek på heilmarathon, medan dei tre andre deltek på halve distansen:
* Bente sprang på 1.36 her i fjor, og sette ein forrykande pers i Haugesund halvmarathon for to månadar sidan med 1.32.
* Tor Harald har hatt enorm utvikling gjennom sesongen og persa med eit par sekund under 1.40 i Haugesund i september.
* Trude sprang fjorårets Karmøy marathon på 1.39, noko som var personleg rekord med fleire minutt.
Resultata blir lagt ut på Facebooksida til Trio etter kvart. Lukke til!