G13: Trio3-Fitjar 2-6. Fitjar er nok blant dei beste laga i serien. Slik sett er det kjekt å sjå at det er så pass lite som manglar på å vera fullt på høgde med dei. Og samstundes litt kjedeleg å sjå at det er det viktigaste i fotball som gjer at vi ikkje er fullt på høgde med dei: Innsats!

I første omgang er vi på høgde. Og i starten faktisk vel så det. Mathias sendte gjennom Vegar som var berre ein god Fitjarkeeper frå å score. Men Vegar hadde meir på lager. Vi har snakka mykje om innsats og ikkje lenge etter fekk vi eit godt bevis på at det løner seg. Etter eit angrep som Fitjar stoppa, så vann Vegar att ballen høgt oppe i banen. Han dribla ein mann og let Mohammed overta med ein susar av eit skot. 1-0!

Så var det jamnt lenge, men siste ti minutta av omgangen byrja Fitjar gradvis å få meir tak på kampen. 1-1 kom på noko vi snakka om i garderoben. Vi må ta ansvar og inn og dekke for midtstoppar Andre, når han går ut i press. Det gløymde vi ut, og då sto det 1-1. Nærare pause kom også 1-2, men vi svara på direkten. Mohammed med eit nytt godt skot, og Elias tåa returen inn til 2-2 som pauseresultat.

Det kunne vi vera bra nøgde med. Vi hadde klart å demme godt opp for fitjarbuen. Men andreomgangen vart langt slappare frå vår side. 2-3 kom tidleg etter at bortimot halve laget kunne anstrengt seg litt og klart å hindre det. Og utover i omgangen spelar vi mindre og mindre fotball, hjelper kvarandre mindre og mindre og surmular meir og meir på medspelarar og på at vi helst vil spele ein anna plass på banen.

2-4 kom midt i omgangen og på tampen kom to til då vi hadde gjeve heilt opp. Brage kom inn igjen med god innsats siste ti minutta og då klarte vi også å skape litt igjen. Vegar og Elias hadde fleire kombinasjonar framme som nesten gav nettkjenning. Men det endte 2-6.

Andre gjer som vanleg ein solid kamp i forsvar, men dagens suverent beste Triospelar var Jonas. Han la ned ein formidabel innsats og jobba hardt og trutt kampen gjennom. Hadde vi alle klart å stå på like mykje, så skulle Fitjar fått slite med å ta poenga heim i dag. Dei var eit godt lag, men ikkje uslåelege.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G13: Trio3-Fitjar 2-6 (2-2)
1-0 (5 minutt) Mohammed
1-1 (23 minutt)
1-2 (31 minutt)
2-2 (33 minutt) Elias
2-3 (39 minutt)
2-4 (53 minutt)
2-5 (66 minutt)
2-6 (68 minutt)

Dommar: Torstein Olderkjær

Trio sitt lag:

Gunnar Eikemo Steine, Michael Løland, Andre Nordøy, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Mathias Veastad, Mohammed Aljajan, Jonas Hjelmeland Naterstad, Brage Kvandal, Elias Ulbi, Noah Smith, William Heggøy.

 

– Are Ulseth