G13: Bremnes3-Trio2 5-5. Å skrive referat etter kamp, er noko me er blitt utskjemde med å sleppe, då me har ein medtrenar med stor skrivetrang. Han var ikkje med i dag, så me får gjere det beste me kan. Turen gjekk til Bremnes med god margin til ferge og kampstart.

Gutane viste ikkje antyding til bil- og fergetur, då dei fekk servert nylaga pizzabollar av meg på ferga. God oppvarming før kamp og ein tent gjeng då dommaren blas i gang kampen. Allereie etter eitt minutt fekk vi ein corner, som Elias heada like over. Ikkje lenge etter gjekk han seg fri på kjent vis og kom åleine mot keeper, men redning. Første nettkjenning kom like etter, då Mohammed putta ballen i mål. Michael fekk ein god sjanse då han snappa eit utspel, men keeper var på ny i vegen. Det var også vår keeper Martin, då Bremnes brått kom åleine gjennom.

Ti minutt før pause fekk vi kampens første straffe. Michael sendte Elias gjennom og han vart hekta av keeper. Han tok straffen sjølv, 0-2 favør Trio. Ikkje mange minutt etter kom det tredje. Gunnar med ein fin ball til Noah, som scora sikkert. Pause med 0-3-leiing er ikkje noko me har for vane. Me måtte gje beskjed om at andreomgangen ikkje måtta takast for gitt. Likevel, tenninga var ikkje heilt den same etter pause.

Til minutt ut i andre omgang fekk Bremnes straffe etter hands i feltet, men Martin heldt hovudet kaldt og redda. Men nokre minutt etter fekk Bremnes redusering. Vi svara kjapt på den, 1-4 då Mohammed var framme på ein retur frå Bremneskeeperen.

Men Bremnes pressa på. Jonas hadde ei redning på strek, men då vi i neste angrep var usikre og ikkje fekk klarert, kom redusering til 2-4. Og med eit kvarter att av kampen klarte Bremnes å redusere til 3-4. Og 4-4 kom kjapt etter. Det vekte oss litt og vi fekk blod på tann. Vi hadde lyst på seieren og midtbane Abdi tok ansvar, dribla seg gjennom og sette ballen i mål. 4-5 og vi leia igjen.

Men den gang ei. Bremnes varta opp med eit langskot som vår keeper var uheldig på. Dermed gjekk vi av banen med eitt poeng då dommaren blas av kampen. Vi synest vi burde ha vunne i dag og dermed vart det like godt tid til ein tur på MacDonalds. Eit ubestridt høgdepunkt på denne turen :)

No ventar heimekamp mot Fitjar på tysdag.
Kampfakta frå Olvondo stadion

G13: Bremnes3-Trio2 5-5 (0-3)

0-1 (7 min) Mohammed Aljajan
0-2 (24 min) Elias Ulbi (straffe)
0-3 (32 min) Noah Smith
1-3 (48 min)
1-4 (50 min) Mohammed Aljajan
2-4 (55 min)
3-4 (57 min)
4-4 (60 min)
4-5 (64 min) Abdisalan Zekeriye
5-5 (69 min)

 

Trio sitt lag:

Martin Fjeldstad Smith, Michael Løland, Mohammed Aljajan, William Heggøy, Håkon Georg Røssland, Abdisalan Zekeriye, Vegar Seljelid Joleik, Jonas Hjelmeland Naterstad, Noah Smith, Gunnar Eikemo Steine, Elias Ulbi, Andre Nordøy.

 

– Ragnhild Kvandal Løland