G13: Trio1-Trio3 9-3

Vårsesongen har gått heilt inn i september for G13, som no endeleg har fått haustoppsettet, der 13 lag frå vårserien er delt i øvre og nedre halvdel i enkle seriar. Vi har to lag med i øvre halvdel og i kveld braka valegutane og husnesgjengen i hop til dyst. Neste helg blandar vi gjengane i to lag når vi dreg på Regy Cup i Haugesund.

Vi hadde slått valegutane i 3 av 4 oppgjer tidlegare i sesongen og med så pass mykje prestisje som gutane legg i dette, var det på sin plass at det var Valen sin tur denne gongen. Dei var mykje meir på hugget enn oss i starten av kampen og leia 3-0 etter kvarteret. Tristan var man of the match og scora sitt første av 5 mål allereie i opningsminutta. Så snappa Andri ein forsvarsglipp og tåa inn det andre, før Emil la på til 3-0 etter strålande forarbeid av Brage H. Valen sin Brage er assistkongen framfor nokon. Han var briljant i dag med minst 4 målgjevande.

Men vi også har ein Brage, og unge Kvandal var endeleg tilbake i scoringshumør. Etter å ha putta 5 i ein treningskamp før sesongstart, har han faktisk ikkje fått hål på byllen gjennom heile sesongen. Men i dag løysna det. Med ein sjuk Elias på fråverslista, var det råd å få meir tid enn vanleg på spissplass og der viste Brage K seg fram med stor aggresivitet. Vi løfta oss siste kvarteret av omgangen og det var fortent då Brage kom gjennom på pasning av Mohammed, og netta sikkert. Kort etter kunne vi laga spaning i kampen før pausen, då Gunnar slo eit innlegg med sprett der Mohammed nesten vann duellen i lufta mot keeper Andreas, som elles ikkje manglar noko på høgda :)
Men 3-1 midtvegs og det var vi ikkje nøgde med. Meir vilje i duellane måtte til og vi måtte bruke kantane meir. Det fekk vi bra til i starten og Brage K reduserte tidleg til 3-2 då han vart spelt fram av søskenbarn Michael. Med ei lang tå tuppa Brage seg forbi stopparen og med same lange tå slo han også keeper i neste duell. Vi var på hugget første ti minutta av andre omgang og hadde eit visst trøkk.
Men så punkterte Tristan kampen med to kjappe. Først då han sjølv vann ballen i kamp med Andre og netta sikkert, og så på eit tåskudd. Etter det gjekk lufta litt ut av oss og Sander og Brage H varta opp med ein Sunde spesial, fin vegg og pang i mål frå Sander. Mohammed reduserte då han jaga eit framspel frå Brage, men så var det Tristan sin tur igjen på ei rask kontring, medan underteikna var i skogen og henta ball.

8-3 ved Sander, på ny etter samspel med Brage H, og så fastsette Tristan resultatet til 9-3 då han spelte vegg med stolpen før han sette inn sitt femte. Velvel, Husnesgutane var mest opptekne av at vi må ha revansje på slutten av sesongen, men no skal vi først mixe laga og stille to lag i Regy Cup i Haugesund. Det blir ein kjekk tur på ‘verdas kjekkaste fotballturnering’, som dei med rette omtalar seg som.

Kampfakta frå Valeparken kunstgras

G13: Trio1-Trio3 9-3 (3-1)

1-0 (3 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
2-0 (7 minutt) Andri Sigthorsson
3-0 (13 minutt) Emil Haugan Solheim
3-1 (31 minutt) Brage Kvandal
3-2 (37 minutt) Brage Kvandal
4-2 (43 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
5-2 (46 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
6-2 (51 minutt) Sander Wang
6-3 (52 minutt) Mohammed Aljajan
7-3 (55 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
8-3 (60 minutt) Sander Wang
9-3 (68 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen

Dommar: Erlend Nissestad

Trio3 sitt lag: 

Martin Fjeldstad Smith, Noah Smith, Andre Nordøy, William Heggøy, Vegar Seljelid Joleik, Jonas Hjelmeland Naterstad, Abdisalan Zekeriye, Michael Løland, Mohammed Aljajan, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Brage Kvandal, Mathias Veastad, Gunnar Eikemo Steine.

Trio1 sitt lag:
Andreas Eikemo Ersland, Brage Ripel Harsvik, Anders Matre Vangsnes, Andri Sigthorsson, Tristan Thorkildsen Thorsen, Emil Haugan Solheim, Joar Langeland, Thomas Prestnes, Sander Wang, Fredrik Saghaug Eikeland, Julian Avsnes Saue.

– Are Ulseth