J17, 1. div Rogaland: Vindafjord – Trio 8-0 (2-0)

Trio jentene spelte torsdag kveld ein utsatt kamp mot Vindafjord i Ølen. Ei formidabel oppgåve ut frå ein del av resultata til heimelaget med fleire store sigrar. Skadar og jobb gjorde at vi mangla Julie, Malin, Siren og Helene. Som vår desiderte toppscorar i fleire år, er det klart at laget spesielt savnar Julie som spiss. HTG studenten har fått spelt lite i haust grunna skader og sjukdom. Sophie stilte frå J15 og då var vi 16 spelarar denne kvelden.

Dette blei ein veldig spesiell kamp. Først og fremst møter vi eit veldig godt lag, som vi visste var ekstremt gode om vi ikkje var på topp i press og intensitet. Det var vi på ingen måte, og spesielt ikkje når både Ida og Selma måtte gå av i 1. omgang med det som verka som matforgifting. Dei hadde spist det samme før kamp, noko også Frode på Liveoppdatering hadde. Han måtte og gje seg tidleg i 2. omgang! Vi heng nokolunde med første halvdel, men det er fullt fortent at Vindafjord ledar 2-0 halvvegs. Vi har noken muligheter ved Synna, men det mangla litt i avslutningane.

Vi rullar fullt ut på troppen i andre omgang så alle (friske) får rikelig med speletid. Det renn då inn noken mål, spesielt på slutten og sluttresultatet blir 8-0 til heimelaget. Ros til heile gjengen for å stå på og ikkje henga med hovudet:-)

Målvakt Malene og kaptein Ingeborg var dei beste på Trio laget på ein merkelig kveld. Dei redda oss frå tosifra tap i dag.

Malene redda oss frå eit større tap i kveld!

 

Laget i dag: Malene, Ariana, Ingeborg, Linnea, Selma, Cecilie, Annie, Synna, Ida, Emma H., Emma SM, Mia, June H., June Marie, Astrid, Sophie.

Neste kamp er årets siste heimekamp, mot Bremnes mandag 9/11 – også det ein utsatt kamp.

Kristine, Stig og Per Einar:-)