På laurdag er det duka for Løveleikene på Husnes stadion og det med heile 94 påmeldte deltakarar. Dette blir ein festdag. Her er tidsplan for dagen. Merk at vi på kastøvingane deler i 3 grupper, for å ikkje få så mykje køståing.
Kiosken vil vera open frå ca kl 10.15. Vi har gratis kaffi, saft og pølse i brød. I tillegg er det råd å kjøpe seg brus og sjokolade.

09:30Registrering i sekretariat (inngang oppe på Triohuset), utdeling av startnr.
10:00Opning med tale og musikk
10:20Øvingane startar
– Boccia utanfor gjerdet
-Stasjonar for lengde, kule og liten ball 
– Løpsøvingar framfor tribuna
Lengde og løp: Deltaking ved å møte 
Liten ball, kule og boccia: Rotasjonsplan for å unngå kø (sjå under)
10:30Lengdegropa er open frå 10.30-12.15
10:3060 meter
11:00100 meter
11:4040 meter
10:30Gruppe 1 liten ball, gruppe 2 kule og gruppe 3 boccia
11:00Gruppe 2 liten ball, gruppe 3 kule og gruppe 1 boccia
11:30Gruppe 3 liten ball, gruppe 1 kule og gruppe 2 boccia
12:15Premieutdeling startar framfor tribuna
Alle blir lest opp, og får medalje på premiepallen