Laurdag 1.juli: Tidsplan for Løveleikene
På laurdag er det duka for Løveleikene på Husnes stadion og det med heile 94 påmeldte deltakarar. Dette blir ein festdag. Her er tidsplan for dagen. Merk at vi på kastøvingane deler i 3 grupper, for å ikkje få så mykje køståing.
Kiosken vil vera open frå ca kl 10.15. Vi har gratis kaffi, saft og pølse i brød. I tillegg er det råd å kjøpe seg brus og sjokolade.
09:30 | Registrering i sekretariat (inngang oppe på Triohuset), utdeling av startnr. |
10:00 | Opning med tale og musikk |
10:20 | Øvingane startar |
– Boccia utanfor gjerdet | |
-Stasjonar for lengde, kule og liten ball | |
– Løpsøvingar framfor tribuna | |
Lengde og løp: Deltaking ved å møte | |
Liten ball, kule og boccia: Rotasjonsplan for å unngå kø (sjå under) | |
10:30 | Lengdegropa er open frå 10.30-12.15 |
10:30 | 60 meter |
11:00 | 100 meter |
11:40 | 40 meter |
10:30 | Gruppe 1 liten ball, gruppe 2 kule og gruppe 3 boccia |
11:00 | Gruppe 2 liten ball, gruppe 3 kule og gruppe 1 boccia |
11:30 | Gruppe 3 liten ball, gruppe 1 kule og gruppe 2 boccia |
12:15 | Premieutdeling startar framfor tribuna |
Alle blir lest opp, og får medalje på premiepallen |