Lange kast på første seriestemne
Friidrettsgruppa skipa til årets første seriestemne utandørs på Husnes stadion onsdag. Blant anna sto spydkast på menyen, og der fekk vi veldig god kasting. Mattias Skauge Griggs fornekta seg ikkje og sette ny pers med råsterke 43,52, nesten 5 meter lenger enn si gamle bestenotering. Mattias blir 15 i år og det er berre ein annan i landet i denne årsklassen som kan måle seg med slike lengder.
På 100 meter sette Sander Sæverud Jensen ny pers med 12,2, medan Ådne Opsanger-Tveit noterte 12,8. Dette er med manuell tidtaking, så vi gler oss til å få på plass elektronisk tidtaking. Tidlegare i veka fekk vi ei stor tildeling frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad til bygging av tidtakarbu. Sander og Ådne var med på utdelinga på kulturhuset og tok i mot gåva.







