Kvinnheradmeisterskap i friidrett
Totalt 114 deltakarar i årets Kvinnheradmeisterskap i friidrett. 52 av desse var med i Knøtteløp for 0-6 år og gledeleg med heile 16 deltakarar i folkehelsinga 1500 meter spasering som lågterskeltilbod. Vi beklager veldig at kiosken var gått tom for vafler innan desse kom til mål… I sjølve Kvinnheradmeisterskapen var deltakinga god blant dei yngste (6-10 år), men heller tynn i klassane over dette. Likevel ei handfull særs imponerande prestasjonar i ulike øvingar.
Mykje god stemning og virak i starten av stemnet, då Knøtteløpet sto på programmet. Det var så mange løpeklare små at vi delte dei i 3 puljer, som sprang 100 meter. Så var det premieutdeling, der alle fekk opp på pallen etter tur, for å mottak medalje og ein is.
Dette skjedde medan øvingane for dei eldre gjekk i gang. Resultatlista er vedlagt, men av sterke prestasjonar kan særleg nemnast Mattias Skauge Griggs (15) sitt spydkast på 45,49 meter. Det er pers med 2 meter og tredje lengst i landet i år for denne årsklassen. Sander Sæverud Jensen hoppa 2,90 meter i stav, 10 cm bak persen. Og 10-årige Victor Korttila Haugen svevde over heile 1,31 meter i høgde, imponerande.
I tillegg hadde vi ein gjestedeltakar frå Stord IL. Jacob Sæ Helland er blant dei beste 13-åringane i landet og 33,92 meter i diskos er faktisk aller best på landsstatistikken i år. Han er også nest best i landet i spydkast, og med solid ny pers på 10,21 meter i kule, er han i landstoppen blant 13-åringar der og.
Alt i alt ein vellukka friidrettsdag på Husnes stadion. Det var i allefall opphaldsver, men ein tiltakande motvind gjorde det tungt i løpsøvingane.











