Så sat vi der i garderoben, ferdig skifta og klare til kamp  – utanom at ein kar mangla. Gutane ringte til han og jauda, han var heime enda. Klokka var 19.30, kampstart var kl 20, og guten svarte at han trudde “kampen var seinare”. Kor seint kan ein kamp starte…? Men han kom dinglande til slutt, null stress. Og gjorde sitt livs beste fotballkamp! Så vi kan vel ikkje vera for strenge med han…

Det var mange som sto dugeleg fram i går. Vi har hatt fleire tette duellar med kveldens motstandar før, men eit for høvet litt redusert Solidlag hadde ikkje så mykje å stille opp med i kveld. Dei har eit par særs kvikke og driblesterke karar, som gav oss ein del bryderi, men vi løyste det totalt sett veldig bra. Og dei har ein frisparkekspert som hamra inn dei to måla dei fekk. Men utanom dette gjorde vi ein framifrå kamp defensivt. Og trass i at vi på Trio2 køyrer reint 15-årslag, så bretta alle opp ermene og tok duellane på strak arm. I kveld klarte vi å vise meir musklar enn motstandaren, og det er eit framsteg for våre unge lovande.

Offensivt sprudla vi. Planen var å gå i strupen på motstandaren, vera aggressive høgt i banen og vera veldig framoverretta. Det fekk vi tidvis bra til. Emil sendte oss i føring med eit frispark frå 30 meter. Sett det før? Jada. Det ser så lett ut når Emil gjer det. Og etter kvarteret kom 2-0 då André var kontant på ein av mange gode cornerar frå Noah. Cornermål har vi lengta etter lenge. 3-0 igjen ved Emil, då han avanserte 20 meter med ballen får han kontrollert plasserte den i hjørnet. Solid svara med eit like godt frisparkmål som Emil sitt, men Tristan la på til 4-1 på ein dobbeltsjanse ikkje lenge etter. Det vart pausestillinga.

I andre omgang hadde vi stort sett kontroll, og det var mindre sjansar i begge endar. Solid reduserte ti minutt uti omgangen, men vi var på hugget og auka til 5-2 straks ballen var sett i gong igjen. Eit herleg arbeidsmål av Tristan, og vilje sto for det som gjorde at vi vann denne kampen. Fullt fortent, for vi hadde også 3-4 kjempesjansar åleine med keeper utanom måla også, men Solidkeeperen storspelte i dei situasjonane. Flott innsats av alle våre, men bestemannspremien går utan tvil til Abdi, som var fullstendig legende på sentral midtbane. Eit arbeidsjern utan like og at ein så avslappa mann utanfor banen kan springe så mange meter i kamp, er rett og slett eit mysterium. No får vi oss ein skikkeleg prøve på søndag, før då skal vi på bortetur til Tysnes. Årets tøffaste?

Kampfakta frå Kvednabekkjen: Trio G16-2 – Solid 5-2 (4-1)
1-0 (3 minutt) Emil Haugan Solheim
2-0 (14 minutt) André Nordøy
3-0 (26 minutt) Emil Haugan Solheim
3-1 (31 minutt)
4-1 (34 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
4-2 (48 minutt)
5-2 (49 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Brage Ripel Harsvik, André Nordøy, Brage Kvandal, Jonas Hjelmeland Naterstad, Vegar Seljelid Joleik, Abdisalan Zekeriye, Emil Haugan Solheim, Noah Smith, Tristan Thorkildsen Thorsen, Elias Ulbi, Håkon Georg Røssland, Edvard André Ingvaldsen Nessestrand, Mathias Veastad.