Kombinert kampreferat og sesongoppsummering for Trio G15/16.
Seriesesongen vart avslutta sist veke for G16, då Trio 2 tok ein heldig siger på Fitjar. Heimelaget varta opp med mykje kvikt fotballspel, men med god innsats og vilje, stakk vi av med tre litt ufortente poeng etter scoringar av Emil og Tristan. Vi kan mykje betre enn det vi fekk ut i denne kampen, men poeng smakar godt uansett, det.

I kveld tok vi så ein intern treningskamp. Sjølv med ei god handfull fråver, så klarte vi akkurat å mønstre to lag, samt ein innbyttar på deling. Rett nok med trenar Trond på banen. Det var ein jamnspelt kamp, der Abdul sendte dei eldste i føring med eit godt skot frå 20 meter, medan Emil svara direkte frå avspark. Ein susar frå 55 meter over ein framleis jublande keeper. Etter pause gjekk Trio 2 i føring, då Emil la inn til Trond. Odin utlikna på noko som nok var ein høveleg stor offside, men kvarteret seinare scora han på nytt, denne gang utan forsprang. Flotte og kontante avslutningar var det uansett. Men Trio 2 svara med eit flott angrep med spelvending, Tristan rundt på kant og ein målhungrig Martin framfor mål. Dermed 3-3, og Trio 1 vann ein uformell straffekonk i etterkant.

Med det har vi fullført kampsesongen med totalt 30 aktive gutar på blokka. Det er særleg imponerande, når vi berre var 26 ved inngangen til sommarferien, Men fleire har funne ut dei ville gjere come back og noko rett må vi gjere når stadig fleire gutar hiver seg med, og frammøtet på dei aller fleste er upåklageleg. Ein kjekk og stødig gjeng som er flinke til å støtte og ta vare på kvarandre. Vi har gjennomført sesongen med to lag og gutane har vore pliktoppfyllande. Forfall utan beskjed har knapt forekome og vi har ikkje hatt problem med å mønstre 15 gutar til kvar bidige kamp.

I serien har vi hatt ei kjekk pulje i Sunnhordland, med turar til Stord, Bømlo, samt Rosendal, Odda og Tysnes. Veldig kjekt å sleppe å måtte reise så langt. Elles var vi med på Regy Cup i Haugesund med to lag, og då tok vi oss råd til ei natt på hotell, sidan cupen ikkje kunne tilby skuleovernatting. Det vart ei fin helg med teambuilding, og det at vi slo 15- og 16-åringane saman til ei gruppe i vår, har vore særs vellukka. 16-årsklassen (2005) har alltid vore ei tynn gruppe oppgjennoem, så det er ekstra kjekt at vi no er oppe i 10 gutar av den sorten. Dei går no opp på juniornivå, og vi vonar veldig på at alle blir med der. Så blir dei 20 2006-modellane verande på G16 også neste år. Der skal vi nok bite godt frå oss. Håpar å kunne stille to lag i seriespel, og så skal vi endeleg på Norway Cup! :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen: G16 Trio 1-Trio 2 3-3 (1-1)
1-0 (32 minutt) Abdulqadir Abdiazizi Mohamed
1-1 (33 minutt) Emil Haugan Solheim
1-2 (48 minutt) Trond Thorkildsen Thorsen
2-2 (57 minutt) Odin Tofte
3-2 (72 minutt) Odin Tofte
3-3 (76 minutt) Martin Fjeldstad Smith
Dommar: Hallvar Saghaug
Trio 1 sitt lag: Bendik Aarthun, Noah Smith, Johannes Eide Myklebust, Brage Harsvik, Eirik Sørstrømmen, Jan Uglehus, Abdulqadir Abdiazizi Mohamed, Sondre Eikenes, Jonas Helland, Daniel Morstad, Abel Hayelom (1.omgang), Odin Tofte.
Trio 2 sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Brage Kvandal, Tristan Thorkildsen Thorsen, Håkon Georg Røssland, William Røyrvik Heggøy, Abdisalan Zekeriye, Emil Haugan Solheim, Jonas Hjelmeland Naterstad, Michael Løland, Trond Thorkildsen Thorsen (og Abel Hayelom i 2.omgang).