Treningskamp: Trio G15-Rosendal 3-4 (3-0)
Vi får litt som fortjent i dag, for kampen sett under eitt er ein relativt dårleg prestasjon frå vår side. Med 3-0-leiing midtvegs var gutane ganske høgt oppe og det var for ganske døyve øyrer underteikna prøve å fortelje at mykje av førsteomgangen var heller dårleg, og å formane at vi hadde mykje å rette på. For det var det. Siste kvarteret av første omgang gjorde vi på linja knapt anne enn å rope at vi måtte ta enklare og tryggare valg og halde ballen meir i laget. For i all hovudsak gjorde vi ikkje anna enn å gje den frå oss, og då betaler det seg lite at vi jobba godt for å få tak i den.

Men ein positiv start på kampen, da. Vi tok godt tak i det og gjorde mykje av det vi burde fortsett med seinare. Fine tendensar med samspel og å spele kvarandre gode. Ei fin pasning frå Noah gjorde at Vegar stakk gjennom, drog seg fri og scora kontrollert. Rett etter kom også Elias på gjennomløp, men Rosendalskeeperen varta opp med ei strålande redning. Så hadde bortelaget eit tverrliggjarskot, før vi svara med 2-0, då Elias vart spelt åleine gjennom og var iskald i avslutninga. Ikkje lenge etter fekk han og Mohammed tidenes dobbeltsjanse, då dei avslutta frå til saman 4 meter. Elias rett på keeper og om det var stolpen eller keeper som blokkerte Mohammed sin retur, er uvisst. Og veldig lite nøye. Likevel: 3-0 kom rett før pause då nettopp Mohammed sendte nettopp Elias fri igjen.

Men som sagt, i siste del av omgangen var det veldig mykje dumme valg med ball. Mange har framleis ein del å gå på når det gjeld jobbing og vilje i duellar når vi i år møter meir storvokst motstand, men Jonas og Vegar bretta verkeleg opp ermene og jobba som heltar. Men det hjalp lite når både dei og dei aller fleste andre, frå bakerste til fremste mann, gjorde vårt beste med å gje kula tilbake til motstandaren. Vi driblar når vi skulle spelt, byr fram ballen i duellane, slår kula vekk på måfå og velger løysingar som set medspelarane i veldig vanskelege situasjonar. Nei, her har vi stort forbetringspotensiale.

Og det vi snakka om å rette på i pausen var det ikkje råd å sjå betring på i andre omgang heller. Dermed er det ikkje anna å vente enn at vi blir tunge og slitne utover i omgangen. Martin heldt oss inne i kampen med to heilt ville redningar oppe i vinkelen, men tredje skotet i krysset måtte nesten gå inn. Og før det hadde Rosendal redusert ein gong, så med 3-2 fekk dei blod på tann. Og straffe rett etter, då vår mann unødvendig la han som var på veg mot cornerflagget i bakken. Vi var kraftig ute å køyre i denne perioden, og ikkje overraskande kom også 3-4 rett etter.

Så klarte vi å samle oss til ein liten offensiv sluttspurt siste kvarteret. To enorme sjansar. Først då Elias la att til William, som styrte ballen hårfint utanfor frå 10 meter. Så då Mohammed dryla til på innsida av stolpen i sluttsekunda. Ballen trilla langs målstreken, men ville ikkje over. Dermed endte det med eit knapt tap. Ikkje så nøye det, men kampen viser oss i allefall tydeleg kva vi må rette på for å henge med på dette nivået.

Samtlige 15 mann med på kamp i dag og vi har hatt godt frammøte på trening i det siste (snitt på 13 i april). Vi har framleis ikkje kunna slå saman dei to gruppene vi har på 15-16-årsnivå til ei treningsgruppe grunna den hersens koronaen, men håpar det nærmar seg no.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: Trio G15-Rosendal 3-4 (3-0)
1-0 (3 minutt) Vegar Seljelid Joleik
2-0 (21 minutt) Elias Ulbi
3-0 (40 minutt) Elias Ulbi
3-1 (49 minutt)
3-2 (61 minutt)
3-3 (64 minutt) straffe
3-4 (66 minutt)
Dommar: Hallvard Saghaug
Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Edvard André Ingvaldsen Nessestrand, André Nordøy, Brage Kvandal, Mathias Veastad, Jonas Hjelmeland Naterstad, Abdisalan Zekeriye, Noah Smith, Vegar Seljelid Joleik, Elias Ulbi, Gunnar Eikemo Steine, William Heggøy, Håkon Georg Røssland, Michael Løland, Mohammed Aljajan.

Trenar Are Ulseth