Vi starta bra første minutta, men så fekk Fitjar mål på første sjansen sin. Og dei tok over spelet, fekk litt mykje tid og varta opp med mykje pent kombinasjonsspel. Underteikna vil hevde det småvokste Fitjarlaget er det mest velspelande laget i serien. Og det var fortent då dei dei la på til 2-0 på ein rask overgang. Vi hang litt i taua første kvarteret.

Men så klarte vi å samle oss og med litt meir fysikk enn motstandaren kjempa vi oss inn i det. Det hjalp og med ei litt heldig redusering. Fitjarkeeperen ruste ut og stoppa eit gjennomspel til vår raske spiss Elias, men klareringa gjekk i beina på Vegar. Frå 30 meter drog han til og keeperen rakk ikkje heim til å få nok nevar bak ballen. 2-1 og det var spaning igjen.

Derifra var vi best fram til pause. Gode sjansar for Emil, Elias, Brage K og Elias igjen. Vi tok over føringa og skapte mest. Brage H sin volley på innlegg frå kompis Emil hadde fortent ein betre skjebne enn å suse over mål. Mot slutten av omgangen varta Martin opp med to kjemperedningar, slik at det sto 2-1 favør heimelaget midtvegs.

Litt å rette på i pausen, først og fremst meir av det vi snakka av før kamp. Vilje i duellar og returløp og ro og kvalitet i pasningsspel langs bakken. Det hjalp oss til utlikning knappe ti minutt ut i omgangen. Eit fint angrep der Vegar la inn frå høgre, Abdi drog seg forbi ein mann og serverte Elias på blankt mål. Herleg!

Leiarmålet var ikkje mindre imponerande. Ein heftig susar i vinkelen frå 20 meter frå Mohammed. Klasse! Men elles var Fitjar stadig betre utover i omgangen og dei spelte oss i periodar ut i banespelet, dog utan å kome til så mange farlege sjansar. Kampen låg og vippa. Då Mohammed skadde kneet, kom Elias inn att på topp og han brukte få sekund på å punktere kampen. Banens gigant, Abdisalan, fann han med ei presis gjennombrotspasning og Elias styrte den kontrollert inn via stolpen. 2-4 og poenga var i boks.

No ventar Trio2-kamp mot Trott på søndag. Det er heimekamp og kanskje kan gutane hive seg med på Kvinnheradmeisterskap i friidrett som oppvarming. Kom igjen, karar! :)

G13: Fitjar-Trio3 2-4 (2-1)
1-0 (3 minutt)
2-0 (8 minutt)
2-1 (15 minutt) Vegar Seljelid Joleik
2-2 (43 minutt) Elias Ulbi
2-3 (54 minutt) Mohammed Aljajan
2-4 (67 minutt) Elias Ulbi
Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith – Noah Smith, Tristan Thorkildsen Thorsen, Gunnar Eikemo Steine – Vegar Seljelid Joleik, Abdisalan Zekeriye, Emil Haugan Solheim, Brage Kvandal – Elias Ulbi – Michael Løland, Brage Ripel Harsvik, Mohammed Aljajan.

– Are Ulseth