Friidrettsgruppa arrangerte seriestemne på Husnes stadion onsdag kveld. Heile 26 deltakarar totalt og topp stemning. Først ut var kastøvingar, spyd, diskos og slegge for ungdom og vaksne. Så var dei minste i gong med 60 meter, lengde og 200 meter, før dei i alderen 10-13 år følgde opp med same øvingar, men med 400 meter som lengste distanse.
Til slutt var det eit 5 km løp, med start på stadion, langs Opsangervegen og rundt kyrkja, og tilbake med målgang på stadion. Dette vart gjennomført etter jaktstartprinsipp, så ein skulle få nokolunde lik målgang på dei 8 deltakarane.
Vedlagt er nokre bileter, videosnuttar og resultater.


Frå venstre: Tobias, Viljar, Giljar og Heine i ein forrykande spanande 60 meter.


Førebuing til lengdekonkurransen for dei minste.


Klare til start på 60 meter.


60-meter for 8-åringane.


60-meter for ungdomane.


Diskusjonar og drøs etter målgang på 5-kilometeren.


Bente med ein obligatorisk sjølvfie med Kenneth og Tor Harald i bakgrunnen.