Onsdag arrangerte friidrettsgruppa i Trio kaststemne på Husnes stadion. Det er ikkje så ofte desse øvingane er med på dei ordinære stemna og det skal ein del teknikktrening til før ein får dreisen på det. Men her vart det sjans å prøve seg i både slegge, diskos, spyd og kule. Totalt var 13 deltakarar med. Under er resultater og nokre bileter.

Heine (10) viste god teknikk og støtte kula nesten 6 meter.
Iver (11) slengde diskosen over 18 meter!
Kastgeneral Arne demonstrerte. Stemnet var både øving og konkurranse.
David (11) imponerte i spyd.
Giljar (10) viste stort talent for diskos og kasta over 15 meter.
Ådne (13) støtte den 3 kg tunge kula godt over 7 meter.