Kjekk oppladning til siste stemne
11-12-årsgruppa lada opp til morgondagens seriestemne på Husnes stadion med ei kjekk treningsøkt. Først litt øving på tresteg, som er uvant for gutane, men står på programmet i morgon. Så ein runde i den nye hinderløypa oppe ved KVV. Her var det berre å ta seg ut. Nyttar høvet til å skryte av trenarane Jostein Klette og Linda Saghaug, som står godt på for gjengen.