Trio G15-16 er i år ein dugeleg gjeng på 28 gutar, følgjeleg har vi to lag i serien. Og i dag var det duka for intern seriekamp. Det er ikkje grunnlag for noko første- og andrelag i gruppa, så gutane fordelast i to jamne lag som spelar i same avdeling.

Det vart ein jamn kamp, som Trio 2 gjekk av med ein knapp siger i. “Bortelaget” Trio 2 både opna og avslutta førsteomgang best, medan “heimelaget” Trio 1 var best i midten. Slik kom også måla, Fredrik vart frispelt av Vegar etter opprulling mot venstre og 0-1 allereie etter eit par minutt. Brage K kunne auka då han sprang seg fri på bakre stolpe på eit frispark, men headinga gjekk over. Så tok Trio 1 over og Abel utlikna kaldt åleine med keeper etter nydeleg pasning frå Abdi. Så gjorde Daniel det meste sjølv. Med sin enorme kraft og styrke, som vi gjerne skulle sett meir av i haust, la han alle bak seg og sørga for 2-1. Men Trio 2 svara og sørga for 2-2 midtvegs med kveldens – og kanskje sesongens – flottaste scoring. Abdi dribla av ein mann og spelte opp Elias i staden for å bli frista til å drible meir. Elias la perfekt i støtte i staden for å blir frista til å vende og gå sjølv. Og Brage H heldt perfekt balanse, stamfot og strak vrist då han dundra ballen tverrliggjar ned og i mål frå 20 meter. Kan høyrast banalt ut, men det er sjeldan vi får til så mange perfekte valg og gjerningar etter kvarandre i eitt angrep.

Tidleg i andre omgang vart det 2-3 då heimelaget sov på returen etter eit frispark. Brage K er ikkje så frekvent i målprotokollen, men var den som var mest vaken og sendte Trio 2 i ny føring. Her er scoringa på film.

Sidan hadde begge lag store sjansar, Fredrik og Gunnar åleine gjennom i kvar sin ende utan å treffe mål, medan Vegar hadde ein susar i stolpen. Den mest matchavgjerande hendinga kom då Trio 1 kontra i stor fart. Keeper Martin var ute og blokkerte, men returen datt i beina på Sondre, som frå 20 meter chippa ballen kontrollert mot tomt bur. Det var berre det at Jonas tok eit heroisk løp og nådde ned så han kunne heade unna på målstreken. For det fekk han gratulasjonar av lagkameratane fullt på høgde med det å score mål. Vel fortent!

Mot slutten avgjorde så Elias, då eit gjennomspel skifta retning i ein forsvarar. Elias tåa ballen forbi keeper og kunne sette 2-4 i tomt mål. Alt i alt ein jamn og kjekk kamp. Fredrik sto fram som banens beste, medan Edvard og Håkon viste stor framgang med solid backspel.

Tidlegare i haust har vi hatt nokre tap. Vi fekk ein leksjon av eit godt Njardarlag, som like fullt ikkje hadde vore uslåelege om vi hadde hatt betre fokus og levert opp mot vårt beste. Så eit knapt 2-4-tap på Stord og eit enda knappare 5-6-tap for Solid i ein rysare av ein fotballkamp. No ventar to bortekampar for Trio 1, mot Stord og Trott, medan Trio 2 i neste veke tek i mot Rosendal. Og i slutten av månaden blir det cupdeltaking med Haugesundstur og Regy Cup. Kjekt å vera i gong igjen!

Kampfakta frå Husnes stadion: G15/16 Trio1-Trio2 2-4 (2-2)
0-1 (2 minutt) Fredrik Saghaug Eikeland
1-1 (17 minutt) Abel Hayelom
2-1 (25 minutt) Daniel Morstad
2-2 (36 minutt) Brage Harsvik
2-3 (43 minutt) Brage Kvandal
2-4 72 minutt) Elias Ulbi
Dommar: Steinar Sæther, Odda
Trio 1 sitt lag: Bendik Aarthun, Noah Smith, Johannes Eide Myklebust, Joar Langeland, Andri Sigthorsson, William Heggøy, Abdulkadir Mohamed, Sondre Eikenes, Eirik Sørstrømmen, Abel Hayelom, Odin Tofte, Daniel Morstad, Tristan Thorsen.
Trio 2 sitt lag: Martin Smith, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen, André Nordøy, Brage Kvandal, Håkon Georg Røssland, Fredrik Saghaug Eikeland, Emil Haugan Solheim, Jonas Hjelmeland Naterstad, Brage Ripel Harsvik, Michael Løland, Vegar Seljelid Joleik, Elias Ulbi, Mathias Veastad, Abdisalan Zekeriye.