For å få siste ordet (kampen) i fotballsesongen 2019 samlast G13-gutane til intern dyst på Kvednabekkjen i haustkulda torsdag kveld. Vi går no frå 9ar og opp på 11arfotball og for å få ein smakebit på kva det inneber, var det greitt med ein internkamp. Vi blanda dei to treningsgruppene på same vis som vi gjorde på Regy Cup tidlegare i haust og det skulle tilseie ein jamn kamp. Regy 1 var hakket betre på cupen og hadde kanskje litt for stor tru på at dette kom til å gå lett, men i dag var Regy 2 litt betre.

Vi er 28 gutar på blokka i 13-årsklassen, men med ei handfull fråver var det kjekt å låne med 5 gutar frå Ternen/Trio G12. Dei er kvikke karar og markerte seg godt i kampen. Lars Eirik var ein bauta i midtforsvaret i lag med Anders, og Regy 1 sleit med å bryte gjennom. Offensivt løysna det for Regy 2 med tre kjappe mål midt i førsteomgangen. Først ved Abdi på retur i feltet, så ved Emil då Sondre la flott 45° ut i feltet og til slutt på ny retur etter corner. Då ved Willam S, som akkurat var komen ut på banen og sågar scora med feil fot! Det har faren aldri gjort.

Dermed 3-0 til pause, sjølv om Regy 1 hadde nokre gode sjansar mot slutten av omgangen. Men redusering fekk dei først tidleg i andre. Så fort kan ein situasjon snu i fotball: Regy 2 hadde fått indirekte frispark berre 8 meter frå mål, men skusla den bort og ti sekund seinare hadde Sander kontra inn 1-3 i motsett ende av banen.

Derifrå sto kampen og vippa resten av omgangen. Relativt sjansefattig, men mykje bra samspel var å sjå i kulda. Og på tampen fekk Regy 2 straffe, då Sondre vart dytta i bakken. Den var Edvard kontant som banken på og dermed gjekk Regy 2 av banen med 4-1-siger. Ein jamnspelt kamp, der Regy 2 var noko kvassare framom mål og eit lite hakk betre.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: G13 Regy1-Regy2 1-4 (0-3)
0-1 (17 minutt) Abdisalan Zekeriye
0-2 (21 minutt) Emil Haugan Solheim
0-3 (24 minutt) William Saghaug
1-3 (40 minutt) Sander Wang
1-4 (69 minutt) Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen
Dommar: Torstein Olderkjær
Regy 1: Martin Fjeldstad Smith, Håkon Georg Røssland, André Nordøy, Joar Langeland, Noah Smith, William Heggøy, Mohammed Aljajan, Andri Sigthorsson, Sander Wang, Tristan Thorkildsen Thorsen, Brage Kvandal, Jonas Hjelmeland Naterstad, Eirik Soma Ersland, Ola Haugan Solheim.
Regy2: Andreas Eikemo Ersland, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Anders Matre Vangsnes, Lars Eirik Holmedal, Gunnar Eikemo Steine, Mathias Veastad, Emil Haugan Solheim, Abdisalan Zekeriye, Michael Løland, Sondre Soma Ersland, Elias Ulbi, Brage Ripel Harsvik, Julian Avsnes Saue, William Saghaug.
– Are Ulseth