G14: Trio2-Solid 9-2. Alle våre 15 på plass til årets første heimekamp. I fjor var det jamne kampar mot Solid, men i dag var våre veldig på hugget. Så også frå start. På første fem minutta hadde vi hatt fem store sjansar og to mål. Først med Vegar på løp gjennom. Han gjekk i bakken, og det såg ut som straffe, men dengang ei. Rett etter var han på farten på ny. Lynvingen vår på høgrekanten serverte Elias på blankt mål, men utruleg nok gjekk skotet utanfor. Rett etter tok Elias revansje, då William spelte han fri i midten og Elias tåa ballen i nota. Berre to minutt etter la same mann på til 2-0, etter snasent forarbeid rundt på høgre av Mohammed. Og så ny sjanse til Elias, som kom skrått inn frå sida og skaut på keeper, der han nok med fordel kunne trilla fri Michael på tomt bur.

Så dabba vi litt av og Solid kjempa seg inn i kampen. 2-1 kom etter eit forsøk på dribling i forsvar, noko som visstnok ikkje skal vera så heldig. Men Mohammed fjerna det som var av spaning med to raske mål. Først gjorde han alt sjølv, drog seg forbi to mann og hamra ballen i hjørnet. Så var det Vegar som sto for forarbeidet med ein fyrrig tunnel og ein snasen chip inn i bakrommet. Der var Mohammed nådelaust på farten. 4-1 til pause og det gjaldt først og fremst å nullstille.

Og det klarte vi bra. Vi tok tak i kampen også etter pause, sjølv om dei fleste store sjansane let vente litt på seg. Andre nikka inn eit frispark frå Mohammed. Så var vi midt i omgangen før Noah plussa på til 6-1. Eit herleg angrep, der Jonas finn Vegar i feltet og han dyttar på direkten over til Noah, som elegant scorar. Dagens flottaste!

Så var det Abdi sin tur til å jakte mål. Han vart flytta fram frå stoppar- til midtbaneplass og svarte med 3 kjappe sjansar på strak arm. Først åleine gjennom, men stoppa av ein flott keeperparade. Abdi nesten igjen på corneren, men ei klarering i stolpen og til ny corner. Og den heada sanneleg Abdi i tverrliggjaren. Dermed ingen nettsus for vår blide godklump i dag.

I staden reduserte Solid med eit praktfullt mål med raid og innlegg på venstre og ein volley kontant i nota. Men det hjalp lite, for rett etter var Mohammed åleine mot keeper, frispelt av Mathias. Og nokre minutt etter gjentok det seg, Mathias servitør og Mohammed målscorar, denne gongen etter å ha runda keeper. Då var han så høgt oppe at det var berre å byte han ut med ein gong.

Men vi hadde ein godbit til slutt også. Gunnar er det som på engelsk heiter not a great goalscorer, but a scorer of great goals. Ikkje ofte han er å sjå på scoringslista, men då Andre crossa eit raskt teke frispark, viste Gunnar at han no har meir til felles med Tore Andre Flo enn å vera lang og hengslete. Ein tru kopi av Flonaldo sitt mål mot Brasil i Marseille i VM-98. Runda på venstresida, vendte vekk ein motspelar med utsida av høgrefoten og smokka ballen i langhjørnet. Slik som 50 sekund ut i denne videoen.

Dermed endte det 9-2 og ein gjeng stornøgde Triogutar. Mange var gode i dag, men skal ein trekkje fram tre spesielt, så gjorde Brage på back- og stopparplass, Mathias på kanten og William på midtbanen noko av det beste dei har levert på ein fotballbane. Neste veke (fredag) er det ny heimekamp, då mot Trott.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: G14 Trio2-Solid 9-2 (4-1)
1-0 (4 minutt) Elias Ulbi
2-0 (6 minutt) Elias Ulbi
2-1 (18 minutt)
3-1 (22 minutt) Mohammed Aljajan
4-1 (26 minutt) Mohammed Aljajan
5-1 (39 minutt) Andre Nordøy
6-1 (54 minutt) Noah Smith
6-2 (58 minutt)
7-2 (59 minutt) Mohammed Aljajan
8-2 (62 minutt) Mohammed Aljajan
9-2 (66 minutt) Gunnar Eikemo Steine
Dommar: Hallvar Saghaug
Trio 2 sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Andre Nordøy, Abdisalan Zekeriye, Brage Kvandal, Vegar Seljelid Joleik, Noah Smith, William Heggøy, Mohammed Aljajan, Michael Løland, Elias Ulbi, Gunnar Eikemo Steine, Mathias Veastad, Jonas Hjelmeland Naterstad, Håkon Georg Røssland.

– Trenar Are Ulseth