Julebrus-mile på stadion
Tradisjonen tru avslutta friidrettsgruppa utandørssesongen med julebrus-mile for dei frå 10 år og eldre i ungdomsgruppene våre. Det går ut på å springe 4 rundar på stadion (+9 meter, distansen ei engelsk mil er 1609 meter). Så langt ikkje så vanskeleg, men før kvar runde må ein helle i seg 0,3 liter med julebrus. Guffent nok i seg sjølv, men med tanke på løpinga er det kolsyra som gjer det noko utfordrande.
Stemninga var god, eldste blad Jensen spydde som vanleg og alle fullførte. Brynjar Olderkjær var den som imponerte mest, tida 7.30 er ny Triorekord på distansen. Totalt var 12 unge lovande med på moroa.



