Julebrus-mile på stadion
Dei eldste ungdomane i i friidrettsgruppa var samla i kveldsmørket på Husnes stadion til den årvise julebrusmila: Ei engelsk mil, vel 4 rundar på stadion, med den snedige tvisten at ein skal drikke ei dose julebrus før kvar runde. Det høyrest kanskje ikkje så ille ut, men kolsyra gjer dette til litt av ei utfordring. Eit artig tiltak, og kanskje mest artig for oss som såg på.
Alexandra gjorde unna distansen på 10 minutt og 2 sekund, medan dei andre sleit med gjennomføringa. Sander fullførte dog med bravur etter å ha spydd etter tredje runden. Framgang frå i fjor, då middagen kom opp allereie etter første runden :D
Litt alternativ moro må til, no som vi i hovudsak flyttar treningane innomhus. Dei eldste trener to gonger i veka i Kvinnherad Arena ut november, før det blir fri det meste av desember månad. Så blir det stemne i bydn allereie i januar.