G14-2 hadde fått utsett sin seriekamp denne veka, så vi utfordra Trio G13-1 til ein treningskamp søndag ettermiddag. Dette er to lag som er jamngode og alltid ender det med mykje mål når vi møtest. To treningskampar i fjor endte 7-6, og i dag vart det 4-3. Tristan og Emil frå G14-1 var med på kvart sitt lag. Med det mønstra vi heile 15 mann og det vart ofseleg mykje bytting. Men vi har godt av å prøve 9arfotball igjen, for dei to neste motstandarane våre er 9arlag.

Vi starta lurvete og Lars fekk sende G13 i leiinga utan at nokon såg ut til å bry seg. Men så heva vi oss og skapte ein god del sjansar. Mohammed chippa elegant Elias fri i bakrom. Tåspark er visst lov og dermed 1-1. Samspelet var ikkje like bra kort etter, då begge to kom gjennom. Mohammed dytta Elias unna og bomma på ballen. Men han fekk si oppreising rett etter, då han vann att ballen høgt i banen og klaska inn 2-1. Fleire gode sjansar til oss. Mathias med ei perlepasning gjennom til Elias, men flott redning. Og William serverte Gunnar på høgre, men skotet gjekk over. I staden utlikna Lars, etter eit festleg gjennomspel med hælen av Emil. 2-2 sto seg til pause.

6 bytter rett før og i pausen for vår del. Plagsamt nok hadde dei som gjekk ut lyst til å innpå igjen med ein gong… Andreomgangen vart i det store og heile meir rotete frå begge lag, og det var ope i begge endar og lite struktur. Eit flott angrep der Vegar la att til Noah, endte med retur frå keeper, og den banka Tristan i nota. Men på ny vart Lars frispelt av Emil og 3-3, like langt.

Martin varta opp med ei formidabel dobbeltretning etter strålande G13-spel, der Mikaeel kom rundt på høgresida. Så scora vi då Elias jukka inn returen etter av Vegar hadde truffe tverrliggjaren, men dommaren blas for offside. I staden vippa det vår veg då Noah avslutta etter eit lekkert forarbeid og innlegg frå høgreving Vegar. Om ballen traff stolpen eller hjulet inne i målet, er framleis uavklart. Dommaren såg det som mål, og dermed endte kampen 4-3. Ikkje så nøye, det viktigaste var å få ei kampøkt og for oss å få trent oss litt på 9arball igjen. Til helga er det bortetur til Moster.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: Trio G14-2 – Trio G13-1 4-3 (2-2)
0-1 (6 minutt) Lars Nistad
1-1 (9 minutt) Elias Ulbi
2-1 (11 minutt) Mohammed Aljajan
2-2 (20 minutt) Lars Nistad
3-2 (45 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
3-3 (52 minutt) Lars Nistad
4-3 (58 minutt) Noah Smith
Dommar: Sondre Eikenes
Trio G14-2 sitt lag: Martin Fjeldstad Smith – Edvard Andre Ingvaldsen Nessestrand, Andre Nordøy, Brage Kvandal – Gunnar Eikemo Steine, Mohammed Aljajan, William Heggøy, Mathias Veastad – Elias Ulbi, Håkon Georg Røssland, Abdisalan Zekeriye, Michael Løland, Noah Smith, Vegar Seljelid Joleik, Tristan Thorkildsen Thorsen.

Trio G13-1 sitt lag: Håkon Tarjei Sundsteigen Nes – Adrian Jensen, Troy Voster, Joachim Tolo – Erlend Blokhus, Mikaeel Soosainather, Jonathan Dale, Marcus Totland – Lars Nistad, Emil Haugan Solheim.

– Trenar G14-2, Are Ulseth