Gutelaget er klare som egg for neste helgs Regy Cup i Haugesund, og nytta ei tam kampveke til å ta ein intern treningskamp på Husnes stadion etter damekampen søndag kveld. Vi er 28 gutar på blokka og 24 av dei var på banen i kveld, jamnt fordelt på to lag.

Kampen vart også open og jamn med store sjansar i begge endar. Regy 2 tok leiinga midt i første omgang, då Vegar kaldt banka den inn frå 20 meter. Det vart einaste målet før pause, men etter kvilen løysna det. Jan utlikna på retur etter corner og fem minutt etter hadde Regy 1 snudd, då langbeinte Gunnar stega igjennom og tåa ballen opp i krysset. Rett etter svara Abdul med ein susar i tverrliggjaren etter eit dribleraid. Men berre nokre minutt etter kom utlikninga. Ei herleg ballvinning på returløp av ein energisk Sondre, straks etter at same mann hadde teke eit sugande løp i motsett retning. Han tredde så ballen gjennom til Vegar, som runda keeper og scora sitt andre for dagen.

Men Regy 1 var ikkje ferdig. Odin rundt på kant i stor fart og eit frekt tåskot frå uansvarleg skrå vinkel. 3-2! Regy 2 sto for sluttspurten og Fredrik fekk tre store sjansar til å utlikne. Først eit stolpeskot, så eit skot mot nettmaskene, der lagkamerat Brage K ikkje kom seg ut av vegen, og til slutt, på overtid, sågar frå straffemerket. Men utlikning var det ikkje, for vi har enda ikkje nemnt banens store spelar: Reservekeeper Brage H hadde allereie varta opp med mange fantomredningar og sanneleg klart han ikkje å henge att ein fot og stoppe straffesparket også. Dermed endte det 3-2, favør Regy 1. Då skal vi berre gjere unna ein kamp mot sterke Odda før vi legg av garde til Haugesund grytidleg laurdag morgon.

Kampfakta frå Husnes stadion: G16 Regy1-Regy2 3-2
0-1 (22 minutt) Vegar Seljelid Joleik
1-1 (48 minutt) Jan Uglehus
2-1 (53 minutt) Gunnar Eikemo Steine
2-2 (56 minutt) Vegar Seljelid Joleik
3-2 (65 minutt) Odin Tofte
Dommar: Hallvar Saghaug.
Regy 1: Brage Ripel Harsvik, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen, Eirik Sørstrømmen, William Røyrvik Heggøy, Gunnar Eikemo Steine, Jonas Hjelmeland Naterstad, Tristan Thorkildsen Thorsen, Jan Uglehus, Odin Tofte, Abel Hayelom, Emil Haugan Solheim.
Regy 2: Martin Fjellstad Smith, Noah Smith, André Nordøy, Brage Kvandal, Håkon Georg Røssland, Andri Sigthorsson, Sondre Vågen Eikenes, Abdisalan Zekeriye, Abdulkadir Mohamed, Fredrik Saghaug Eikeland, Vegar Seljelid Joleik, Mathias Veastad.