J17, 1div Rogaland: Djerv 1919 – Trio 3-2 (1-1).

Jentene gledde seg stort til seriestart etter det lange Coronaoppholdet. Og dei viste speleglede  i over 25 grader mot eit robust og fysisk sterkt Djerv 1919 lag. Etter ein noko nølande start av begge lag, begynte jentene våre å ta ned ball og spele slik vi ønsker og øver på. Dette ga etter ca 15min uttelling. Ida og Synna kombinerer flott med veggspel. Til slutt står Synna rett føre keeper, med Ida ved siden av seg. Ho dytter då ballen til sides til Ida som triller den enkelt i mål. Fantastisk fint mål! Heimelaget var farlege på cornerar, med noko høgare spelarar enn våre. Ein av desse omset dei til scoring og ein er like langt på 1-1. Så eit nytt fint Trio angrep som sender Julie åleine med keeper på 4-5m. Der vert ho sprunge/skubba over ende bakfra og alle ventar på straffe. Men den kom dessverre ikkje. 1-1 til pause der vi er godt nøgde med prestasjon.

Storspel i forsvar av Ingeborg, spesielt i første omgang.

Andre omgang fortsett i samme sporet. Vi speler meir og meir ball, mens det er meir direkte og tilfeldig det som kjem frå heimelaget. Men gode enkeltspelarar hadde dei og ei av dei gjer ein solid enkeltprestasjon då ho kjem seg fri på høgresida, skjærer innover og banker ballen i hjørnet med venstre. Flott prestasjon og 2-1 til Djerv. Vi maler på videre og etter nok et mønsterangrep med mange trekk kjem Linnea seg opp på 22-23m og lader kanona. Keeper greier ikkje holde og den dett inn i målet til særs fortent utligning. Siste 10 minutta er stort sett spel mot eit mål for eit sigersmål til Trio, men då skjer det som av og til skjer i fotball. Det kjem eit noko tilfeldig baklengs på overtid etter ein lang poleball og dermed 2-3 tap i bagasjen heim.

Synna dominerte på midtbanen og var banens beste i kveld!

 

Neste veke er det heimekamp mot Stord.

Laget i dag: Malene, Selma, Ingeborg, Ariana, Linnea, Malin, Ida, Synna, Cecilie, Emma H., Julie, Astrid, Mia, Emma S., Helene, June H.

Kristine, Stig, Per Einar:-)