J17, 1. div Rogaland, Trio – Djerv 1919 4-0 (2-0).

Andre halvdel av denne noko spesielle 2020-sesongen starta i kveld for J17. Vi tok i mot eit Djerv 1919-lag som noko heldig slo oss 3-2 i Haugesund i serieåpninga i august. Det var derfor ein gjeng på jakt etter revansj som entra banen i røde drakter i kveld. Nokon færre enn normalt med sjukdom i laget, vi mangla keeper Malene, June Marie, Helene, Siren og Astrid. Vi fekk låna Sophie frå J15 på kort varsel. Linnea og Emma H tok ein omgang kvar som keeper, herlig innstilling og begge fekk heldigvis lite å gjera og rydda opp i det vesle som kom:-).

Linnea og Emma H. tok ein omgang kvar som keeper i kveld, super innstilling!

 

Vanskelig å plukke ut enkelt situasjonar frå denne kampen. Den arta seg egentlig som eit langt angrep av Trio laget. Vi eig midtbanen sentralt med Ida, Synna og Annie og får eit stort overtak. Drøssevis av innlegg, ofte etter flott kombinasjonsspel i forkant. Målsjansar blei produsert på løpande bånd og allerede etter 1 minutt setter Cecilie inn 1-0 med venstre. Eit godt angrep på venstresida endar med 45 ut til Ida som skyt i stolpen og Cecilie er på returen. Neste halvtimen dominerer vi og skapar masse, men uttellinga manglar. Så dagens finaste (av mange) angrep, der Cecilie kjem seg heilt ned, legg ut som ho er blitt så god til og der er Annie og sett den kontrollert i langhjørna. Ein trenar’s drøm! 2-0 står seg til pause og jentene får velfortent skryt for ein flott omgang. Einaste vi kan oppfordra til er å nullstilla og gjenskapa – og ikkje sleppa oss nedpå, då veit vi at Djerv er farlige. Dei låg tross alt på 3. plass og vi på 5. plass på tabellen før avspark.

Cecilie herjar med venstrebackar i haust, ny god match i kveld!

 

Lydige som jentene er, så fortsetter dei i samme spor. Sjølv med fleire byter i andre omgang dominerer vi fortsatt. Kjekt å sjå June H og Mia “eiga” venstresida bak mellom seg ein halv omgang kvar, bra jenter! Halvvegs i sluttomgangen kjem 3-0 målet som “drep” det som måtte vera igjen av spenning. Julie får endelig uttelling og då kjem det fort fleire, ho blei og kredittert 4-0 målet like før slutt. Frå sidelinja såg det ut som ho og Ida var på ballen samtidig:-). 3 stolpeskudd, 2 annullerte mål, fleire redningar på strek, samt ein god keeper gjorde sitt til at det stoppa på 4 – kunne fort vore nærare 10. At vi held nullen bakover er på grunn av godt kollektivt forsvar, aggresivitet og press, men Selma må trekkast fram for ein “perfekt” kamp. Ho hadde oppgåva med å stoppa storscoraren til Djerv 1919 og løyste det med glans. Då blei bortelaget ganske tannlause. Vi tok oss då 2 plassar opp på tabellen til 3. plass, bak Stord og Vindafjord som skiller seg noko ut resultatmessig. Kjekt og med skryt frå trenarane til bortelaget på slutten: “mektig imponert over 1-touch spelet til Trio laget”:-). Det ligg noken timar med overtal-/firkantspel bak det…..

Fantastisk bra kamp av Selma!

 

Laget i dag: Linnea, Malin, Ingeborg, Ariana, Selma, Cecilie, Annie, Synna, Ida, Emma H., Julie, Emma SM, Mia, June H., Sophie.

Neste kamp er heime mot Falkeid 26/10, ein utsatt kamp frå september etter ønske frå Falkeid.

Kristine, Stig & Per Einar – IMPONERTE trenarar:-)