J17, 1. div Rogaland: Trio – Stord 2-2 (2-1).

Den utsatte kampen mellom Trio og Stord i J17 vart avvikla søndag formiddag på Kvednabekkjen. Ein fulltallig Trio tropp på 18 jenter gjekk offensivt til verket med høgt press mot serieleiaren og var til slutt 5 minutt frå sigeren. Ein meget bra prestasjon var det i alle fall!

Vi får ein pangstart på kampen då Synna avslutter eit fint angrep med eit skot godt plassert i langhjørnet for keeper. Stord skapar balanse 10 minutt etter, då vi ikkje er kyniske nok på eit oppspel på deira høgreside. Balltap og overtall inne ender med ein enkel scoring av spissen. Vi avsluttar omgangen sterkt, med gunstige brudd høgt i banen. Synna er resolutt og bankar inn 2-1 til Trio på ein av desse. Vi er svært nær eit mål til, men det ville seg ikkje for Julie åleine med keeper på fint gjennomspel i bakrom. Fortent 2-1 leiing til heimelaget ved halv tid.

Synna med 2 mål og svært bra kamp mot god motstand

 

Andre omgangen er ikkje like bra fra vår side, uten at Stord skaper mange store sjanser. Masse rullering på laget får ta sin del av forklaringa for det. Utrulig kjekt at vi er 18 på kamp, men ikkje enkelt å disponere logistikken av bytter:-). Vi har ein gigasjanse til å punktera til 3-1 då Synna gjer alt på venstre sida, går til dødlinja ved 5m og serverer Astrid på blank på bakre stolpe. Astrid gjer det rette og prøver med innsida, men får eit litt dårlig balltreff dessverre. Stord har eit frispark som er i stolpen, men her meiner vi bestemt at vi skulle hatt frispark like før Stord får frisparket nær 16m. 4 minutt før slutt får dei likevel uttelling då dei får fulltreff frå 22-23m og kanona går inn i nettaket. Stord har og ein stor mulighet like etter, då Linnea blir dytta ut av balanse i det ho skal klarere, men ei god Malene får rydda. Vi var ikkje super-happy med dommar Kjærland frå sidelinja i dag, 3-4 kritiske frispark som vi meiner han bør sjå som vi ikkje får og det kunne fort vippa kampen feil veg for oss. Frå tribunen høyrer vi etter kampen at dei meinte vi skulle hatt ein straffe også.

Flott kamp i mål av Malene!

 

Alt i alt greit med poengdeling 2-2 etter spel og sjanser. Vi syns Synna, Malene, Ariana og Annie viste mest igjen i dag. Neste kamp no er borte mot Kopervik/Vedavåg på Åsebøen kommande torsdag.

Laget: Malene, Malin, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, Selma, Synna, Ida, Annie, Julie, Mia, June H., Helene, Emma S., Emma H., Astrid, June Marie.