J15, 1. div Rogaland, Trio – Falkeid 1-2 (1-2).

Falkeid låg ett poeng føre oss på 4. plass før kampen i dag. Med Emma (skade) og June Marie (sjukdom) ute, var vi nede i elleve egne jenter og 2 medhjelperar i Sophie og Jenny frå J14. Det førte og til noko omrokkering i Trio-laget som var ubesigra i sine 4 siste kampar. Rekka burde definitivt vore forlenga etter dagens kamp etter spel og sjansar, men det var dagen då ballen ikkje ville i mål for Trio jentene.

Vi er før kampen klar over at Falkeid er eit lag som scorar mykje og slepp inn mykje (snitt 5-3 pr kamp før kampen). Vi visste og at laget har ein spiss og lagkaptein som bøtter inn mål og har scora rundt 20 mål på dei 6 første kampane. Den delen av jobben klarar vi med bravur då Ariana er på spelehumør og leverer stopparspel på svært høgt nivå. Fantastisk bra kamp av Ariana i dag og banens beste.

Då var det andre halvdel av jobben, scora mål. Vi produserer rundt 15 STORE målsjanser, men tok ein ‘Brann’ i dag og scora kun eit mål. Bare 5 siste minutta av første omgang kunne vi scora 4 mål. 2 sølvfat fra Cecilie frå høgrekanten og dødlinja, ein i stolpen og ein i tverrliggar.

Det er surt, men vi får bare akseptera at i dag var ‘one of those days’ der det ikkje var meininga at vi skulle få mål. Viktig då å sjå på det positive som er at vi holder stjernespelaren til Falkeid vekke frå målprotokollen, samt at vi faktisk kjem oss til så mange store sjansar som vi gjer. Med normal uttelling begge vegar hadde vi vunne denne kampen minst 6-3.

Det som må jobbast med i det offensive er å stole på vårt eget samspel fullt ut. Vi blir utålmodige når vi ikkje får uttelling på sjanser og det blir mykje at ein og ein skal prøva bryta gjennom i andre omgang. Hadde vi fortsatt å spele som siste 5 av første hadde det garantert blitt fleire mål. Det andre er at vi må jobba med å holda roen i avslutningane, tenka meir plassering enn kraft når vi er nære mål. Det har vi vore flinke til, så det blir litt back to basic:-).

Best på Trio laget i dag syns vi Ariana, Synna og Linnea var, mens Cecilie glimta til med flott spel på høgresida innimellom.
Søndag er det bortekamp i Sauda og 9ar kamp. Då kan det bli øving både i samspel og avslutningar:-)

Laget i dag:

Malene, June, Ingeborg, Ariana, Malin, Cecilie, Ida, Linnea, Synna, Astrid, Julie, Sophie og Jenny.

Kristine, Stig og Per Einar:-)