J15 tok poeng frå serieleiar Kopervik!
J15, 1. div Rogaland, Trio – Kopervik 2-2 (1-2).
Kopervik kom til Husnes som serieleiar med 6 strake sigrar i årets seriespel. I dag fekk dei tøff kamp om poenga frå aggresive og gode Trio jenter som fekk belønning i kraft av eit fortent poeng.
Med keeper Malene sjuk var Linnea og Jenny (J14) svært sporty og tok ein omgang kvar i mål. Begge klarte seg veldig bra i ei uvant rolle.
Etter å ha møtt dette Kopervik laget nokre gonger var vi litt usikre på kva som var beste presshøgde, men valgte å starte med høgt press. Vi fekk ikkje ein gong prøvd på dette før 2 flotte mål var scora. Vi var først ute og scoringa må ha kome før det første minuttet var passert. Eit glitrande første angrep av Trio jentene endar med frispeling på høgre av Cecilie. Eit hardt og lavt innlegg frå Cecilie blir møtt av motsatt indreløpar Ida og kontant i nota. Oppvisning i angrepsspel – BRAVO!! Kopervik ville ikkje vera dårlegare og utlikna umiddelbart på sitt første etablerte angrep. Frispeling mellom vår venstreback og midtforsvar og kontrollert med innsida i hjørna til 1-1. Resten av omgangen er jamnspelt, men Kopervik får eit noko heldig 1-2 mål på ein overgang ca etter ein halvtime. Dei har i tillegg ein i tverrliggar frå skrått hald etter dette, mens vi har eit par store mulighetar ved Julie som kunne gitt uttelling.
Pause med 1-2 til tabellleiaren, men ein bra omgang av oss og langt frå umulig å få noko med seg frå kampen er vi enige om. Vi velger og å prøva lavt press frå start i andre omgang, då Kopervik håndterte vårt forsøk på høgt press bra og spelte seg fri frå dette kvar gong. Då blei det sløsing av energi for vår del:-)
Det meir kompakte Trio laget spelte ein meget bra 2. omgang mot serieleiaren. Kopervik fekk mindre rom og vi fekk mange gunstige brudd og kontringar. Vi slepp ikkje til jentene frå Karmøy i det heile tatt på 40 minutt, kun eit par langskudd som 14-åringen Jenny i buret vårt enkelt tok med den største selvfølge. Vi skapar ein god del også i andre omgang og etter god duellering og gjenvinning oppe i Kopervik sitt felt får Ida foten på ballen til ein fortent utlikning til heimelaget.
Ein meget bra prestasjon av jentene i dag, der alle sto opp og jobba saman som eit lag. Midtforsvaret med Ingeborg og Ariana var tilbake på sitt ypperste nivå. Kaptein Ingeborg gjorde knapt ein feil i dag og må få tittelen banens beste, i kamp med mange gode på laget sitt.
Neste kamp er neste tirsdag, heime mot Falkeid.
Laget i dag:
Linnea, Astrid, Ingeborg, Ariana, Malin, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Sophie, Julie, June, Jenny.
Kristine, Stig, Per Einar