J15, 1. div Rogaland, Trio – Haugar2 9-0 (5-0).

Jentelaget tok torsdag i mot Haugar2 for vårens siste seriekamp. Ut frå tabell var Trio jentene klare favorittar og dei innfridde dette med største sigeren for året etter 9-0 i målprotokollen.

Meget bra kamp i mål av Malene!
Vi åpnar imidlertid svakt. Første 7-8 minutta evnar vi ikkje roe ned og etablere spel og det er ein litt kaotisk start på kampen frå begge lag. Vi får ei noko heldig scoring tidleg ved Ida på frispark frå rundt 30m. Dette ser ut til å løfta laget for vi hevar oss etter dette og begynner å finne kvarandre med godt samspel. Dette fører som kjent ofte til målsjanser og vi aukar neste halvtimen til ei solid 5-0 leiing til pause, etter fleire fine scoringar. Julie 2, Cecilie 1 og eit sjølvmål stod bak dei 4 måla.

Julie blei dagens Trio jente med 5 mål og fleire fine assist
I pausen var vi enige om å prøva gå utpå og nullstilla og levera ein god omgang til.

13-åringen Leah leverte svært bra på venstre back i andre omgang!
Dette klarar jentene med glans. Dei leverer ein solid andre omgang og puttar på 4 gonger til. Ballen går langs bakken og vi produserer masse. Julie er i storslag og setter dei 3 første, ein av dei på straffe. Cecilie setter kampens siste til 9-0.

Synna er i kanonform for tida og leverte stort spel frå sentral midtbane også i kveld
Nok ein solid lagsiger der mange viser bra form før sommarens høgdepunkt; Sør Cup i Kristiansand som startar neste helg. Dagens Trio jente blei naturleg nok Julie med 5 mål og fleire gode assist. Gledelg også at vi held nullen gjennom solid forsvarsspel og meget bra spel av Malene i mål. Einaste negative i dag er skade på Astrid i ein arm, vi håpar det går fint og at ho er klar neste helg:-).

God dommar var Marius Quam frå Halsnøy.

Laget i dag:
Malene, June, Ingeborg, Ariana, Malin, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Astrid, Julie, Linnea, Leah, Sophie.

Kristine og Per Einar:-)