God kamp av Astrid

Ein bra første omgang av jentene la grunnlaget for ein klar siger mot gultrøyene fra  Nord. Andre omgang blei som den ofte blir med 6-0 til pause, svakare. Den blei og prega av ein kne-skade på Emma, vår andre skade på ei veke.

Vi snakka om i garderoben at vi skulle gå utpå og ta kommandoen og bestemma på vår heimebane. Dette gjorde jentene verkeleg og begynte umiddelbart å produsera sjansar.

Det var spesielt på høgresida det skjedde mykje, der Cecilie var i perlehumør og dreiv backen til Nord til fortvilelse gong etter gong. Den sitt endeleg etter 18 minutt for Cecilie, etter å ha hatt 2-3 store sjansar før det. Siste 15 av første omgang er vi verkeleg bra og scorar 5 fine mål. Fleire etter strøkent angrepsspel med flotte kombinasjonar og mange trekk. Cecilie puttar på 2 til, Sophie (på sin første berøring), Synna og Emma setter kvar sitt. Dei fleste etter angrep frå høgre, med ein svært aktiv Cecilie i hovudrolla.

2 fine mål av Sophie fra venstrekanten

Pauseprat med frukt og masse skryt, der formaninga er at vi må fortsetta å spele i lag, ikkje begynne å gå solo.
Andre omgang blei dessverre prega av akkurat det, vi prøver litt for mykje åleine. 2 flotte mål scorar vi likevel. 7-0 målet startar med igangsetting fra Jenny til Astrid. Frå midtbanen spelar vi fri Cecilie på kant som drar seg til dødlinja for trettende gong i kampen. Innlegget kjem motsatt kant Sophie perfekt inn på og sett kontrollert i nota på lengste stolpe. Flott mål! Like før slutt fastset Synna sluttresultatet til 8-0 då ho drar seg innover i banen frå venstre og avsluttar kontant i langhjørnet til keeper.

 

Sunde jentene Cecilie og Synna dominerte i dag og sto og for 5 av måla

Best på Trio laget i dag var Cecilie, tett fulgt av Synna med 2 mål og ein stor defensiv jobb med noken enorme returløp. Dessverre fekk Emma seg ein ny smell i kneet sitt. Fryktelig trist, vi får bare håpa at det ikkje er så alvorleg og at ho blir med oss igjen så snart som mulig:-).
Takk til kampvert Bjørn Bjelland Mathisen og dommar Åsmund Mehl frå Rosendal som sporty tok jobben då vi sleit med å få tak i dommar:-)

Neste kamp no er Karmøy-tur på tirsdag, motstandar er Vedavåg/Skudenes.

Laget i dag:

Malene, June, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Malin, Emma, Astrid, Sophie og Jenny.

Kristine, Stig og Per Einar