15, 1. div Rogaland: Vedavåg/Skudenes – Trio 4-5 (2-1).
Jentelaget var tirsdag på Karmøy-tur for å møta Vedavåg/Skudenes. Det var lag nr 4 og 5 på tabellen før start og det skulle visa seg å bli eit tøft og jamnt oppgjer mellom 2 ganske ulike lag.

Planen før start var å gå offensivt til verket og stå høgt i presset slik vi har lukkast med spesielt i dei 2 føregåande kampane. Vi verkar litt tunge i starten, den lange kjøreturen satt nok litt i kroppen. Vea kjem noko lett gjennom eit uvanleg flatt Trio forsvar og går tidleg opp i 1-0. Vi kjem litt til hektene og tar tak i kampen. Eit flott angrep på venstre sida spelar Julie i posisjon og ho sett flott inn utlikninga til 1-1. Vea fortsett med eit direkte spel og mykje lange ballar opp til lagets 2 beste spelarar som låg på topp. Desse herja litt med forsvaret vårt kampen gjennom og eit nytt gjennombrot sørger for 2-1 til heimelaget. Vi er svært nær utlikning igjen like før pause då Ida sett eit frispark frå 18m i undersida av tverrliggar. Pause med 2-1 til heimelaget. Greit nok, men vi føler oss fullt på høgde.

Vi er enige i pausen om at dette kan vi snu og går ut for å gjere akkurat det.

Første 10-15 minutta av andre omgang er vi svake. Vea går opp til 3-1 på eit ‘vådeskot’, frispark innlegg som går motsett stolpe og dei sett returen. På dette tidspunktet har vi blitt med på ein type fotball vi ikkje beherskar og ser ut for å sitja fast i det sporet. Men plutseleg får vi det til å sitte på høgresida, Cecilie bryt gjennom og sett kontrollert inn 2-3. Like etter serverer 14-åringen Cecilie ein flott corner som Julie ventar roleg på ved lengste stolpe. Sett den roleg med teipa høgrefot og balanse igjen! Så skjer det at vi blir tatt på senga direkte fra avspark og Vea bryt gjennom, nok ein gong litt manglande sikring/flatt og 4-3 til Vea. Så kjem dagens angrep. Synna vinn ballen på midten og avanserer. Ser June Marie og spelar ein fin vegg med ho. På direkten frå 18m sett ho ballen med innsida i hjørnet. Vakkert mål og ny utlikning! Men det var ikkje slutt……Vea bryt gjennom nok ein gong og i duell med Ingeborg går dei overende og straffe. Den reddar Malene og plukkar sin egen retur! Redninga gir ekstra inspirasjon på slutten. Frispark i samme posisjon som i slutten av første. Denne gong reddar keeper frå Ida og til corner. Den er identisk med 3-3 scoringa, Julie ventar på Cecilie sin ‘serve’ på lengste stolpe og endeleg er det vi som er i leiing!! Det var berre 4 minuttar igjen då og dei kontrollerte vi greit inn og var nærare 6 enn Vea 5.

Spesiell kamp der vi slepp inn mål vi sjeldan gjer. Uvant spelestil og gode spissar får vera forklaringa på det. Veldig bra moral av jentene å komma tilbake fleire gonger, spesielt på 1-3 då det såg mørkt ut.

Julie blei dagens Trio-jente. God kamp av lysluggen og 3 mål med godt teipa høgrefot. Elles syns vi Malene, Synna og Astrid viste mest igjen av våre i dag. Sophie og Jenny frå J14 spelte 25-30 minutt kvar og bidrog i snuoperasjonen på slutten av kampen.

Neste utfordring blir suveren serieleiar Kopervik på Kvednabekkjen kommande måndag.

Laget i dag:

Malene, June, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Malin, Julie, Astrid, Sophie, Jenny.

 

Kristine, Stig og Per Einar:-)