Velkommen til årets stafett i Husnes idrettspark måndag 01. mai, start kl. 17. I år er antall etapper og etappelengder endra. Vi ynskjer eit publikumsvennleg arrangement, og heile stafetten går difor føre seg på stadion.

Rekruttane spring 4×100 meter, og får lov til å gjere det to gonger.
Alle øvrige klassar er såkalla 1000 meter stafett, der etappane er:
100 meter – 200 meter – 300 meter – 400 meter.

  • Start ved port inn på stadion ved U-skulen. Til saman vert det sprunge 2,5 runde (1000 m).
  • Første etappe (100 meter) er gjennom svingen, og går føre seg i delte banar.
  • Andre etappe (200 meter) er langside + sving, også det i delte banar.
  • Tredje etappe (300 m) startar ved kastburet. Her kan ein springe inn til lista.
  • Fjerde etappe (400 meter) startar der all målgang for løp er på stadion og er ein heil runde.

I alle vekslingar er det eit vekslingsfelt der stafettpinnen skal overleverast.

Klasseinndelinga er vist under.

Rekrutt: 6-10 år (fyller 10 år i 2023).

4 barn per lag. Gutar og jenter kan springe saman. Kvart lag må ha ein vaksen lagsleiar. Denne personen må møte ved stadion seinast kl. 1640 for informasjon om avviklinga.

Stafetten føregår inne på stadion, 4 etappar a 100 meter. Kvart lag skal springa to gonger. Vi etterstrebar etter beste evne å lage heat i kvart årskull. Alle deltararar i desse klassane får premie.

I eldre klassar er det premie for 1.plass, 2.plass og 3.plass. Klassane er:
– Jenter/gutar 11-12 år (fyller 12 år 2023)
– Jenter/gutar 13-14 år (fyller 14 år 2023)
– Jenter/gutar 15-16 år (fyller 16 år 2023)
– Senior frå 16 år og eldre.
– Vaksne mix-lag/open klasse: Få med deg arbeidskollegaer, kompisar eller venninner og dann eit mixlag.

Reglar:

  • Det er tillate å delta i klasse for utøvarar eldre enn du sjølv er.
  • Kvar utøvar kan berre springe ein etappe på kvart lag.
  • Ein kan berre delta på eitt lag i kvar klasse, men det er lov å delta på lag i ulike klassar (altså å også i tillegg delta på lag i eldre årsklassar).
  • Jenter kan delta på gutelag (mixlag).

Lagleiar har ansvar for:

  • Å hente stafettpinne og startnummer hos sekretariatet på løpsdagen.
  • Å orientere seg i om etappane og kor veksling skal gå føre seg.
  • Halde laget samla til premieutdelinga er ferdig.
  • Å levere stafettpinnen og startnummer tilbake i sekretariatet når løpet er ferdig.
  • Samle laget til premieutdeling når heatet er over.

Påmelding

Når de melder på eit lag, ønskjer vi at de skriv på kva etappe dei ulike skal springe. Siste frist for å melde på lag er søndag 30.april.

Meld på til: Leiar i friidrettsgruppa, Trio: Are Ulseth areu@online.no (99240087).

Deltakaravgift: Kr. 100 per lag (klubbane betalar), max 1000 kr per klubb. Faktura blir sendt til laga i etterkant.