Tradisjonen tru inviterer Trio til TINE fotballskule i dagane etter at skulen er ferdig. I år blir dette frå måndag 24. til onsdag 26.juni.

Opplegget er som normalt har vore dei siste åra, og tidene frå kl 10-14.30. Meir info her. Frammøte første dag er kl 09.30, der vi startar med registrering og utlevering av utstyr.

Påmelding

Fotballskulen er open for spelarar fødd i 2006-2012.
Påmeldinga er todelt, og begge deler må utførast før deltaking er bekrefta:
1) Påmelding pr epost (post@il-trio.no) eller SMS (99240087).
2) Deltakaravgift 675 kr merkast med namn og TINE fotballskule, til kontonr 3520.59.83552.

NB! Det MÅ gå fram av innbetalinga kven ein betalar for, og ein er ikkje påmeldt før betaling er registrert.