For 5. gong arrangerer Trio friidrett i lag med dei lokale Lions-klubbane Løveleiker, idrettsleiker for born, ungdom og vaksne med funksjonshemmingar. Arrangementet går av stabelen på Husnes stadion laurdag 11. juni frå kl 10.00. Her er informasjon om påmelding.

Påmelding sendast pr epost til areu@online.no eller SMS til 99240087.
Her treng vi namn og fødselsår på deltakar, gjerne også bustad. I tillegg storleik på T-skjorte, samt namn og telefon til ledsager.

Kva øvingar ein vil delta i, samlar vi i år ikkje inn info om på førehand. Men det blir råd å prøve seg i Lenge, kule, liten ball, samt 60m, 100m og evt 400m. I tillegg satsar vi på å ha ein stasjon med boccia (petanque), som tidlegare har vore veldig populært.

Lionsklubbane LC Kvinnherad, LC Halsnøy og LC Stord Fitjar vil i 2022 ta opp igjen Løveleikane, samen med vår gode og trufaste samarbeidspartnar på dette; Idrettslaget TRIO. Løveleikane er idrettsleikar for born, ungdom og vaksne med funksjonshemningar. TRIO friidrett er som tidlegare teknisk arrangør for leikane,

Løveleikane er eit friidrettsstemne vil vi at skal være eit lyspunkt i kvardagen der deltakarane kan kjempa i løp, kast, hopp og andre aktivitetar på ulike måtar. Deltakarane får også moglegheit til å testa ut boccia-dugleiken sin.

Leikane vert høgtideleg opna av Håkon Frode Særstein, og innmarsjen vil bli akkompagnert av korpsmusikk frå Uskedalen musikklag.

Medan leikane går av staben vil både Løva og Haren væra med å spreia glede og motivasjon til både små og store. Funksjonærane frå dei ulike Lionsklubbane vil losa deltakarane sikkert gjennom dagen. Alle deltakarar vil få t-skjorter, medalje og diplom uavhengig av prestasjon.

Arrangementet er gratis og deltakarane vil få mat og drikke under arrangementet. Leikane er sponsa av Lionsklubbane, IL Trio og Sparebankstiftinga. Løveleikane arrangerast for 5 gang i vårt distrikt.

Vi håpar dagen kan bli ein «GLADDAG» som vil gje deltakarane mykje glede og som dei vil minnast lenge.

Dersom deltagere skulle ha behov for økonomisk støtte, ber vi om at de det gjelder tar kontakt med en lionsklubbene.

Kiosken på stadion vil også være open under leikane.