Invitasjon: Løveleiker 2019
Søndag 16.juni inviterer IL Trio i lag med Lions Kvinnherad/Halsnøy/Stord/Fitjar til Løveleiker for fysisk og psykisk utviklingshemma. Påmelding via denne linken.
NB! Påmeldingsfristen er 7.juni.
Vi legg opp til eit arrangement som startar kl 11 på søndag 16.juni, med løpsøvingar 60m, 100m og 400m (samt eventuelt stafett) og tekniske øvingar i lengde, kule og kast liten ball.
Dette er tredje gongen vi arrangerer Løveleiker, og det er etter initiativ av Lions, som fylte 100 år i 2017. I samarbeid mellom dei lokale Lions-klubbane og IL Trio, inviterer vi til stemne med inntil 100 deltakarar.
Påmelding startar 1.mai og det er først til mølla inntil vi er fullbooka, eller fristen går ut 7.juni.