Laurdag 1.juli skipar Trio si friidrettsgruppe og Lions Kvinnherad til Løveleiker, friidrettsstemne for personar med utviklingshemming på Husnes stadion. Dette blir sommarens største gladdag! :)

Når og kvar skal dette skje: Laurdag 01 juli 2023 kl 10.00 på Husnes idrettspark.
Påmelding: Idrettslaget TRIO tek i mot påmelding på følgande måte:
Sendast pr epost til areu@online.no eller SMS til 99240087.
Tidsfrist for påmelding: Fredag 23. juni 2023.

Løveleikane er eit friidrettsstemne vil vi at skal være eit lyspunkt i kvardagen der deltakarane kan kjempa i løp, kast, hopp og andre aktivitetar på ulike måtar. Deltakarane får også moglegheit til å testa ut boccia-dugleiken sin.
Leikane vert høgtideleg opna av ordførar Hilde Enstad, og innmarsjen vil bli akkompagnert av korpsmusikk. Medan leikane går av staben vil både Løva og Haren væra med å spreia glede og motivasjon til både små og store. Funksjonærane frå Lionsklubben vil losa deltakarane sikkert gjennom
dagen. Alle deltakarar vil få t-skjorter, medalje og diplom uavhengig av prestasjon.

Arrangementet er gratis og deltakarane vil få mat og drikke under arrangementet. Leikane er sponsa av Lionsklubbane, IL Trio og Sparebankstiftinga Kvinnherad.

Vi håpar dagen kan bli ein «GLADDAG» som vil gje deltakarane mykje glede og som dei vil minnast lenge.
Kiosken på stadion vil også være open under leikane.