Offentleg stønad til idrettslag utreknast basert på medlemstal. Eit godkjent medlem er eit medlem som har betalt kontingent for det aktuelle året.

Trio har følgjande medlemskategoriar:

  • Medlem barn (u. 16 år): kr 250,-
  • Medlem vaksen (o. 16 år): kr 500,-
  • Støttemedlem: kr 250,-
  • Familiemedlemskap: makspris kr 750,-

Jo fleire medlemmer vi er, jo betre gjennomslag får klubben både i idretten, mot næringsliv/sponsorar og mot offentleg forvaltning (som kommunen). Familiemedlemskap er ein flott måte å støtta klubben til våre barn og unge på. Om de allereie har familiemedlemskap, så meld inn heile familien slik at vi får fleire godkjende medlemmar. Om de ikkje har familiemedlemskap så blir vi veldig glade om du vil teikna eit.

Om du ynskjer å melda inn deg sjølv eller eit eller fleire familiemedlem så send oss en mail på post@il-trio.no med namn, adresse, e-post, telefon og fødselsdato på medlemmene, og kven som skal vere betalingskontakt for familien. Opplys også om namn på eksisterande medlemmer i familien slik at vi får lagt alle inn på same familiekontingent.

Kanskje er det nokon besteforeldre som ynskjer å støtte klubben med eit støttemedlemskap? Alle som meldes inn i Trio I løpet av mars månad er med i trekkinga av eit gåvekort på kr. 3000,- på Sport1 Husnes.