Styret kallar herved inn til årsmøte i Trio Idrettslag.

Årsmøtet vert halde 14. mars kl. 18:00 på Triohuset.

Saker som eit medlem ønskjer behandla på årsmøtet, må vere styret i hende seinast 29. februar. Forslag vert sende per e-post til post@il-trio.no.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éin veke før årsmøtet på klubbens nettside il-trio.no.

For å ha stemmerett og kunne veljast til verv må ein ha vore medlem av Trio Idrettslag i minst éin månad, fylle minst 15 år i det kalenderåret årsmøtet vert halde, og ha gjort opp økonomiske forpliktingar til Trio Idrettslag. Alle medlemmer har uansett møterett, talerett og forslagsrett.

For meir informasjon om årsmøte samt reglar om stemmerett, valbarheit, forslagsrett mv., sjå Trio Idrettslags lov, tilgjengeleg på il-trio.no. Ved spørsmål som gjeld årsmøtet, kan leiar Knut Prestnes kontaktast på knut.prestnes@hmr.no.

Velkommen til årsmøte!

Med venleg helsing

styret