G14: Trio2-Trott 9-0. Det vart ikkje noko nervepirrande affære då Trott vitja oss på Kvednabekkjen søndag kveld. Trottarane er noko skadeskotne i haust og kom med akkurat 11 spelarar. Eit kvarter av kampen spelte vi 10 mot 10, då eine Trottspelaren måtte ut med ein smell. Sjølv har vi ikkje noko problem med å mønstre lag. Vi har 15 veldig stabile gutar, i allefall når det gjeld frammøte. Stjernespelar Håkon var sjuk i dag, men elles alle mann alle, som vanleg.

I tillegg var vi godt på hogget alle mann, og då vart vi ei god munnfull for mykje for gjestane. Abdi varsla at vi meinte alvor då han drog til på halv volley frå straffemerket. Men keeper varta opp med ei kjemperedning og slo til corner. Men berre 4 minutt ut i kampen var vi i føring. Eitt av mange flotte angrep langs venstresida, der Gunnar var alldeles i fyr og flamme i dag. Han spelte vegg med Jonas, kom rundt på kanten, ned til dødlinja og serverte Noah på tomt mål. Så vakkert at trenartårene trilla, allereie der. Kort etter var rollane snudd. Eit nytt strålande angrep med mange involvert, og Noah serverte Gunnar, som klinka den inn. 2-0 før folk på tribuna hadde fått sett seg og justert for koronaavstand.

Så roa det seg litt og Trott var nære med eit frispark på veg mot vinkelen. Men det var også Martin, og han plukka den på imponerande vis. Ei Trottkontring endte også med stang ut. Men likevel var vi hakket betre i det meste. Det er så kjekt å sjå backane gå i angrep og då Michael runda i stor fart og slo inn, var det berre tilfeldigheiter som hindra Abdi og Vegar i målsus på kanonaden framom mål. Men meir skulle kome. Elias og Mohammed starta på benken og var høveleg gira då dei kom inn. Det tok ikkje mange minutta før lynraske Elias på klassisk Elias-vis nikka seg forbi to forsvarar og storma mot mål. Kontant i nota. Og rett etter vann Brage ballen framom midtbanen, som den hyperoffensive stopparen han er, og serverte Mohammed. Demping og vending i eitt, og ein kanon i nettet frå 20 meter. Praktfullt!

Dermed mest godord i pausen, men og nokre åtvaringar om at vi måtte halde fram å la ballen gå. Det tok få minutt før vi auka då dommaren hadde sett i gang spelet igjen. Gunnar spelte Elias gjennom og 5-0 var eit faktum. Så nesten reprise av 4-0. Brage trilla til Mohammed, og ein ny susar frå utanfor 16-meteren. 6-0. Det vart tungt for Trott mot slutten og då Mohammed dundra nok ein kanon i vinkelen og ut att, jobba vi godt og vann att ballen, slik at Vegar kunne banke inn 7-0. Og så kan vi avslutte kampen med litt ros til Mohammed. Med rette får han ein del tyn frå trenarane for å føre og drible for mykje, men to siste måla kom etter at han kom til linja på høgrekanten og serverte på beste vis til henholdsvis Noah og Elias, som begge scora sikkert.

Dermed heile 9-0, og då får vi vera godt nøgde. Synd at Fitjar ikkje klarte stille til kamp i går, for vi hadde innstilt oss på to kampar denne helga. Vonleg får vi til kamp mot dei i løpet av veka. Brage får pokalen som banens beste i dag, tett følgd av Gunnar. Begge spelar for tida sin beste fotball gjennom alle tider.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: G14 Trio2-Trott 9-0 (4-0)
1-0 (4 minutt) Noah Smith
2-0 (7 minutt) Gunnar Eikemo Steine
3-0 (29 minutt) Elias Ulbi
4-0 (31 minutt) Mohammed Aljajan
5-0 (38 minutt) Elias Ulbi
6-0 (58 minutt) Mohammed Aljajan
7-0 (63 minutt) Vegar Seljelid Joleik
8-0 (66 minutt) Noah Smith
9-0 (68 minutt) Elias Ulbi
Dommar: Ian Bjørke, Rosendal TL
Trio 2 sitt lag: Martin Fjeldstad Smith – Michael Løland, André Nordøy, Brage Kvandal, Mathias Veastad – Jonas Hjelmeland Naterstad, William Heggøy, Abdisalan Zekeriye – Vegar Seljelid Joleik, Noah Smith, Gunnar Eikemo Steine – Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Elias Ulbi, Mohammed Aljajan.

– Trenar Are Ulseth