IL Trio inngår lokal sponsoravtale med Sparebanken 1 SR-bank
Sparebanken 1 SR-Bank og IL Trio har inngått ein betydeleg sponsoravtale i 2 + 2 år, med intensjon om forlengelse.
– Det er veldig kjekt å komme inn i det største idrettslaget i Kvinnherad. Når vi sponser idretten er me ein del av noko som er større enn oss sjølv – dette er viktig og riktig, seier Ivar Gundersen, banksjef i SR-bank i Kvinnherad.
Sparebanken 1 SR-Bank er ein bank som gjev mykje tilbake til lokalsamfunnet. Sponsorbudsjettet dei har lokalt i Kvinnherad skal gå til så breie tilbod som mogleg, som idrettslag. Det skal bidra til aktivitet lokalt og skape fellesskap. Ivar fortel at SR-bank ynskjer å vere ein positiv bidragsyter for at idretten skal kunne bidra til breidda, både i form av tilbod og at alle får vere med.
– Samfunnet er inne ei dyr tid og me ynskjer å vere ein bidragsytar for at kostnadar ikkje skal vere eit hinder for å kunne vere med. IL Trio har vist at dei er driftig og er med på å skape nye aktivitetar som famnar breidt, som e-sport, basketball og klatring. Å ha alle dei tilboda som IL Trio tilbyr – det heier vi på!
Viktig støttespelar med på laget
– Dette er ein veldig viktig sponsoravtale for Trio, og vil bety mykje i arbeidet med barn og unge, seier Knut Prestnes, leiar i IL Trio.
IL Trio har i dag tilbod for barn, ungdommar og vaksne, i idrettsgreinene fotball, friidrett, symjing, turn, volleyball, basketball, e-sport og klatring. I tillegg er Trio-huset eit viktig samlingspunkt, og møteplass for sosiale aktivitar i klubben. Knut legg til at idrettslag som Trio, som i all hovudsak er drifta av dugnad, er avhengig av gode støttespelarar som SR-Bank for å ha midlar til å jobbe mot den breddeidretten som Trio tilbyr.
– Vi er opptekne av å gje eit beidt tilbod, slik at alle barn og unge kan finne noko innan dei ulike gruppene. Det er utruleg kjekt for Trio å ha Sparebanken 1 SR-Bank med på laget!
Sparebanken 1 SR-bank:
Lokalbanken for heile Kvinnherad, og Norges nest største. SR-Bank har vore i Kvinnherad sidan 1858, med overlevering frå Kvinnherad Sparebank i 2010. Har kontor på Husnes og Tveit Regnskap i Rosendal, med 25 tilsette totalt. Saman med Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad er dei ein viktig og stor bidragsytar i Kvinnherad.