Treningskamp: Trio G14-Trio G15 4-1 (3-0, 0-1, 1-0)
Våre gode 14-åringar utfordra oss til dyst på Kvednabekkjen i dag, og det vart ikkje stort å skrive heim om for vår del. Men eg gjer det likevel. Førsteomgangen var direkte skral frå vår side. Lenge sidan innsats, vilje, presisjon, tempo og det aller meste har vore så dårleg. Fjortisane fekk 3-0 og leia fortent og solid etter første av tre 25-minuttarar.

Betring i andre omgang. Vi reduserte på straffe etter at Vegar vart felt, og sidan hadde Mohammed to digre sjansar. Den eine gjekk på innsida av stolpen, akkurat som den gjorde for same mann i kampen mot Rosendal på søndag. 3-1 ved andre pause.

I siste omgangen er det også jamnt i spel. Elias fekk ein enorm sjanse då han brått sto åleine på bakre stolpe etter corner, men headinga gjekk over. Og då han vart spelt fri åleine mot keeper, vart han felt bakfrå, akkurat som han vart mot Rosendal for 3 dagar sidan. Og for så vidt i førre treningskampen mot dei tidlegare i vinter. Han kunne melde etter kampen at han er dugeleg lei av å bli klipt ned åleine mot keeper, og det har han eit poeng i, men får ta det som eit kompliment at motstandarane må ta slike midlar i bruk for å stoppe lyntoget vårt. Frisparket vart blokkert på streken. Kampen vart runda av med at G14 la på til 4-1 på corner, kort etter at Mohammed og Elias med fint veggspel hadde vore gjennom. Avslutninga gjekk i nettveggen. Dermed kunne kampens stødige dommar Sondre Eikenes notere 4-1 som sluttresultat. Som sist gong: Jonas var vår beste i dag.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: Trio G14-Trio G15 4-1 (3-0, 0-1, 1-0)
1-0 (2 minutt)
2-0 (8 minutt)
3-0 (20 minutt)
3-1 (33 minutt) Mohammed Aljajan (straffe)
4-1 (75 minutt)
Trio G15 sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Edvard André Ingvaldsen Nessestrand, André Nordøy, Brage Kvandal, Håkon Georg Røssland, William Heggøy, Jonas Hjelmeland Naterstad, Noah Smith, Vegar Seljelid Joleik, Elias Ulbi, Gunnar Eikemo Steine, Mathias Veastad, Mohammed Aljajan.
– Trenar Are Ulseth