Som kjent stengte IL Trio ned all organisert idrettsaktivitet frå 12.mars, med bakgrunn i smittesituasjonen med koronaviruset og for å vera med på den nasjonale dugnaden med å redusere smitterisiko. Sidan den gong har utviklinga vore positiv og myndigheitene har i det siste letta noko på regelverket.

Basert på Helsedirektoratet og NIF si anbefaling vedrørande idrettsaktivitet, opnar IL Trio med dette opp for organisert trening for alderstrinna 13 år og eldre frå 27.april. Merk at dette gjeld kun utandørs aktiviteter.

Dette føresett at gjeldande reglar for smittevern vert overheldt: Grupper på max 5 personar (ein vaksen), avstand på 1 meter(*) og elles i tråd med dei ulike forbunda sine retningsliner. Desse må gruppene som startar aktivitet sjølv kommunisere ut til sine trenarar og utøvarar.
(*Opphavleg 2 meter, men frå 30/4 endra til 1 meter.)

Viss retningslinjene ikkje vert overhaldt, eller myndigheitene igjen kjem med strengare regelverk, vil aktivitet kunne bli stengt ned igjen.
Vi vonar all aktivitet blir praktisert med omhu, og at ein har både sportsleg og sosialt utbytte av treningane, sjølv med gjeldande begrensningar.

Vedlagt link til NIF si anbefaling vedrørande idrettsaktivitet:
https://www.idrettsforbundet.no/nyheter/2020/NIFs-anbefaling-til-utovelse-av-idrettsaktivitet/

Med helsing Styret i IL Trio
v/Leiar Knut Prestnes