Vi hadde gledd oss stort til årets store høgdepunkt, å arrangera den 20. Utgåva av Husnescup frå 18.-20. August.

Dessverre er talet på påmeldingar for lavt til at det er mogleg å gjennomføra det arrangementet som vi hadde førespegla dei deltakande laga. Difor har vi ikkje noko anna val enn å avlysa Husnescup i 2023.

Trio skal jobba hardt for å få denne tradisjonsrike cupen opp å gå igjen, men i 2023 er det dessverre ikkje mogleg med den påmeldinga ein har hatt.

«Dette er ein veldig tung beskjed å gje til både Trio sine medlemmar, og til alle ungane som hadde gledd seg til å koma til Husnes i august. Vi vil sjå på moglegheiter for eit anna opplegg den helga for dei laga som er påmeldt, men det blir eit heilt anna type arrangement enn det vi hadde sett for oss. Det er utruleg skuffande både for oss og for ungane, og vi kan ikkje anna enn å beklage til alle som hadde gledd seg til årets happening for Trio» uttalar Eskil Moen, leiar i fotballgruppa i IL Trio.