Stig Atle Sunde og Gaute Lund la som kjent ut domenet husnes.no for sal. No er domenet seldt til Husnes Utvikling. Då vi først starta med IT og fekk høve til å registrera domene, så slengte inn ei registrering på husnes.no. Sidan den gong har vi sete på det. Det har vore eit par tilfelle der folk har ymta om å kjøpa det, eller hatt planar, men det har ikkje blitt noko av, seier dei to IT-grundarane.

Når vi no ville avhenda det skulle altså pengane gå til eit veldedig formål. Og vi var opptekne av at det var rette kjøparen. Husnes Utvikling tilbaud seg å kjøpa det for 5460,-. Dei har ingen plan med det på kort sikt, men vi vurderer at dei er rette instans til å rå over domenet og vurdera den dagen det kjem eit eigna prosjekt.

Pengane vil bli delt mellom IL Trio og Turstiar Sunde, som i 15 år har sett i stand og tilrettelagt over 20 turstiar i Sunde-området, fortel dei to. Stor takk til Gaute og Stig Atle. Desse midlane vil gå rett tilbake til turgåarane. Vi er i startgropa på eit nytt prosjekt og midlane vil gå til eit nytt utkikkspunkt. Der ser vi på mulighetar for å settje opp rastebenk eller laga til terrasse, seier Bjørn Heimvik i Turstiar Sunde.

Dette set IL Trio stor pris på! Vi synest det er kjekt at kjøpar av domenet er Husnes Utvikling. På vegne av IL Trio vil eg rette ei stor takk til Gaute og Stig Atle for gåva, seier Håvard Solheim i styret i IL Trio.

Oddmund Skår i Husnes Utvikling synest det er bra at dei no får hand om domenet. Vi sikrar no domenet for framtida, så får tida vise kva vi bruker det til. Noko fornuftig skal det iallefall bli! Håkon Røstbø skyt inn; “Husnes meir enn du trur. Handel, idrett, natur og kultur! Her er mange moglegheiter!”