Styret i fotballgruppa har med tungt hjerta etter fleire rundar valgt å avlysa Husnes-cup i 2021. Bakgrunnen for dette er usikkerheiten rundt covid-19 og då hovedsakleg på moglegheit for overnatting ut frå dei retningslinjene som vil vera gjeldane på den tida. Det blei samtidig vedtatt at vi skal arrangera ein alternativ cup.  Denne cupen vil vera utan overnatting og vera for laga i klassane 10-16 år. På kvelden vil vi laga til noko sosialt for Triolaga som deltar på cupen. Om nokon har lyst å vera med å forma og arrangera cupen i lag med oss er det fint om de gjer ein lyd til ein i styret.