G19, 3div Hordaland, Stord 2 – Trio 2-6 (2-1).

Endeleg var det seriestart for gutta etter tidenes lengste “preseason”. Bortekamp på Langeland kunstgras mot Stord 2, eit lag vi meinte vi skulle kunne besigra på ein god dag. I første omgang var vi litt for utålmodige i dei avgjerande trekka, samtidig som vi brant fleire store sjansar. Når så heimelaget er effektive på sine muligheter, så låg vi plutseleg under 2-0. Vi klarar å halvere forspranget før pause gjennom scoring av Brynjar etter forarbeid av Mads. Ein kjent kombo det:-)

I andre omgang fekk 16-åringane Vegard og Isak sjansen – og tok den med alt dei hadde. Ein strålande omgang av dei 2 talenta frå G16 – og resten av laget heiv seg med. No tok ein fleire enkle val med ball, var plutseleg litt meir tålmodig før den avgjerande pasningen, og når den kom var det god presisjon og løpa perfekt timing på. Hallvar utlikna først til 2-2 etter assist frå Vegard. Deretter kom Trio også i klart overtal på tribunen, etter at delgasjonen frå J17 kjørte rett frå kamp på Bremnes for å heia fram gutane. Siste halvtimen gjekk det på skinner, tempo – presisjon – timing, også omtalt som “eit eventyr” frå sidelinja. Vi får tru laget var oppildna av støtten frå tribunen, der det var like fullt som på ein eliteseriekamp i desse dagar.

Nøgde 2-måls scorarar, Hallvar “Kane” og Sander D.

Vegard ordna sjølv 3-2 målet, med målpoeng til Isak. Så kom dagens “høydare”, då 17-åringen “Hallvar Kane” kjem seg fri etter nok eit mønsterangrep og setter sin andre. Trøya går av i det armane går opp, han viftar med den over hodet i eit løpstempo vi ikkje har sett på trening nokon gong og som pappa Vegard ville vore stolt over:-). Fint mål og eit “noko forventa” gult kort, men også sann idrettsglede i fri utfalding – og det er vel det idrett handlar om….. Men gutane ga seg ikkje der. Sander S serverer navnebror Sander D og dermed 5-2. Sander blir også 2-måls scorar når Martin serverer og dermed sluttresultat 6-2. Bare i denne omgangen kunne ein fort putta 3-4 til etter godt angrepsspel. Alt i alt ein bra kamp, der andre omgang var noken hakk betre enn den første!

16-åringen Vegard storspelte saman med Isak i andre omgangen og scora det viktige 3-2 målet.

Laget: Aref, Vegard J, Mathias Gj., Tarmo, Sander S., Simen, Edvin, Mathias EH, Isak, Martin, Brynjar, Anders, Mads, Kristoffer, Sander D., Hallvar (Kane). (Torstein var med, men sto over med skade).

Neste oppgåve no er ny bortekamp mot Rubbestadnes 11/9. Rubb opna med å slå samme Stord-lag heile 11-0, så her ser vi fram til ein skikkelig utfordring! Første anledning til å sjå gutane heime er mandag 14/9 mot det truleg sterkaste laget – Trott.

Christian & Tore.