Bremnes – Trio G14-1:

Me starta dagen med ein del mannefall pga sjukdom, skadar og skuletur. Men fekk god hjelp av både g13 og Trio 2, noko som gjorde at me mønstra 13 mann til kamp. Siste mann, Noah, heiv seg rundt på 10 minutt og stillte beinklar for kamp. (Trur kanskje han åt middag med fotballskoa på.) 😁

Kampen starta veldig jamnt og i eit vanvittig tempo. Underteikna var ei stund redd for at me berre skulle halde ut i ein omgang før me gjekk tomme, men gutane viste oss at det bur enormt med krefter i dei.
Etter 12 jamne minutt, med mykje kriging på begge halvdelar, fekk plutseleg Sander litt rom på venstrekanten. Han skaut fart framover og passerte backen med eit flott touch, før han kom aleine med keeper. Der avslutta han iskaldt i lengste hjørne.0-1.
0-2 kom ved flott klikk-klakk spel mellom Tristan og Sondre, der sistnemnde plasserte ballen flott i mål.
På 0-3, så dribla Ola av to mann ute på venstrekanten før han la nydeleg inn til Sondre som berre kunne spasere ballen i mål.
Etter dette så gjorde Bremnes nokre byter og kampen jamna seg ut igjen. Martin måtte strekka seg etter eit par ballar, men viste god kontroll.
Me hadde blant anna eit flott frispark av Tristan som gjekk i tverrligger, før Andre heada returen nok ein gong i tverrligger og ut. Dermed stod det 0-3 til pause.

Byrjinga av andre omgang starta like jamnt som i fyrste, før Tristan blei takla bakfrå på veg gjennom I det 54. minutt og skaffa oss eit straffespark. Dette ekspederte Brage knallhardt i mål til 0-4.
Resten av kampen vart prega av litt røffe duellar, men gutane viste veldig god behersking og kom veldig godt ut av dette. Dei jobba knallhardt og stod på. I det 67. minutt vendte Sondre nydeleg av eine midtstopparen til Bremnes før han skaut fart framover. Deretter curla han inn eit nydeleg framspel til Tristan, som vart ekspedert knallhardt til side for keeper. 0-5!
I siste speleminutt varta Brage opp med ein susar frå 20 meter som ikkje Alisson Becker hadde redda ein gong. Ei perfekt avslutning på ein nærast perfekt kamp.

Herlig jobba gutar!

-Trond Thorsen