J15, 1. div. Rogaland; Haugar 2 – Trio 1-3 (1-1).

13 jenter, inkludert 2 frå J14, tok tysdag turen til Gymnasbane 7 i Haugesund for haustens første seriekamp. Vi venta oss eit revansjesugent Haugar-lag og ein tøff kamp, og det blei det til siste slutt.

Med storscorar Julie ute med sjukdom, stod Jenny frå J14 i mål og Malene spelte heile kampen som spiss. Vi åpnar bra og tør å spele ball når vi vinn den. Cecilie blir spelt heilt gjennom tidleg i kampen, men skuddet går like utanfor lengste stolpe. Haugar er ikkje ufarlege og vi slit spesielt med ein god spiss som er dyktig på å venda vekk press. Jenny storspelar imidlertid i mål og leverer eit par gode redningar når det er behov for det. Så kjem uttellinga, igjen frå høgre. Denne gong kjem Cecilie nærare mål og er nådelaus. Meget fortent 1-0 leiing til oss. Malene bryt gjennom og blir tatt, men held seg på beina og får avslutta i ubalanse. Då bles ikkje dommaren, krav til fall (?). Haugar heng med og utliknar på eit solid langskudd, utagbart i hjørnet. Jevnt siste 10 og 1-1 til pause.

I pausen snakkar vi om 3 ting. Tålmodig press i rygg på spissen, vending av spel og få Malene meir rettvendt.
Oppgåvene blei løyst på ein særs god måte. Spissen fekk gjort mindre i andre omgang. Spelvendingar og veggspel satte opp mange målsjanser. På første sjansen er det rett og slett ufattelig at det ikkje blir blåst straffe. Prøver å ikkje klage på dommar i desse referata, men ALDRI har vi sett ei klarare felling då Cecilie tippar ballen forbi og blir meid ned av ei Haugar jente i det ho skal setta ballen i mål. Skulle forøvrig tru at ein på Haugalandet hadde større mulighet enn på Husnes til å setta opp dommar frå anna klubb ein heimelaget…… Heldigvis vart ikkje denne graverande feilen kampavgjerande. Jentene tente til ytterlegare då dei vart urettmessig bortdømt. Ei drivande god Synna drar seg forbi eit par og knallar til frå 20m – i tverrliggar. Var dette dagen der marginar med meir skulle gå imot? Neida. Malene kjem seg rettvendt og knallar inn 2-1 målet frå 18m oppi hjørnet til venstre for keeper. Ikkje lenge etter får Cecilie revansjert seg. Glitrande frispeling og god avslutning i lengste hjørnet frå Cecilie. Vi skapar mest etter dette også og har bedre kontroll bakover enn i første. Eit fantastisk veggspel mellom Ida og Cecilie like før slutt hadde fortent ein bedre skjebne enn keeper-redning på skuddet frå Cecilie. Ida venta ’45’ på blank og det hadde vore eit godt alternativ og blitt eit utrulig fint mål.
Flott gjennomført av 13 blide jenter som jobba knallhardt for kvarandre. 14-åringen Jenny imponerer oss som keeper og det er kjempehjelp for oss slik situasjonen er no. Synna er i dag banens gigant og leverer sin beste kamp til dags dato, meget bra!

Laget i dag:
Jenny, Malin, Ingeborg, Ariana, Linnea, June, Cecilie, Annie, Ida, June Marie, Synna, Astrid, Malene.
Neste utfordring er Bremnes borte kommande måndag på Våge Idrettsplass.
Kristine, Stig og Per Einar