5. div kvinner, Trio – Eidsvåg 1-2 (0-0).

Etter tabell før kampen skulle dette vera ein kamp med gode muligheter for poeng for Trio laget heime på graset. Det begynner uheldig med tapt myntkast og kraftig motvind i første omgang. Omgangen blir litt som frykta noko prega av vinden og det faktum at Eidsvåg sparkar meir enn dei spelar. Vi blir dessverre med på dette i store periodar og det er noko vi ikkje beherskar veldig bra. Omgangen er prega av masse feilpasningar, tekniske feil og innkast for begge lag. Sjølv om mykje skjer på vår halvdel som konsekvens av motvinden, skaper Eidsvåg ingenting i omgangen. Cecilie er nære på for oss med ei kule som går like over nærmeste kryss fra skrått hald, men mållaust til pause etter ein svært svak omgang av begge lag.

Vinden roa seg sjølvsagt betydelig til andre omgang, så vi fekk ikkje den samme (gratis) muligheten til å etablere spelet på Eidsvåg sin halvdel. Men fortsatt alle muligheter til å få satt spel og skape sjanser. Det er noko bedre i andre omgang, men fortsatt manglar det mykje på normal pasningskvalitet i Trio laget. Då kjem Eidsvåg på ein av 2 farlige kontringar i omgangen og etter 2-3 kjappe pasninger står det plutselig 0-1. Jentene prøver og prøver, men slit med å skape det heilt store på tross av spelemessig overtak. Så er vi i tillegg uheldige på eit langskudd og gjestene doblar ledelsen 15 minutt før slutt. Vi går over til 3 bak og 2 spissar siste 10, uten at det hjelper veldig. På overtid kjem så dagens høydepunkt verdt den gratis inngangsbilletten åleine; Synna får ballen på ca 25 m litt venstre og legg til rette for skudd. Ei kanon som berre stig og endar sin ferd i lengste kryss. Minna litt om Per Egil Ahlsen i cupfinalen “den gongen”….Dommar Kjærland bles av like etter og dermed eit 1-2 tap som oppleves noko unødvendig for oss på linja. Dette var et lag vi på ein normal dag skulle slått med 3-4 mål. Men-men, i dag var dagen der vi rett og slett ikkje fekk det til – og det er ikkje ofte vi har sagt om desse jentene:-).

Laget; Erna, Malin, Ingeborg, Selma, Linnea, Cecilie, Annie, Synna, Ida, Emma H., Mirka. Innb.: Aria, Emma S., Leah, June.

Kristine, Stig, Per Einar